Hárjehus
Oppsummering: svake verb
Når du har jobba deg gjennom grammatikken og øvingane om svake verb, kan du repetere og oppsummere det du har lært her.
Repeter det du har lært
Pass på! Dei fleste spørsmåla i øvingsrekka nedanfor er ikkje vanskelege, men du får berre éin sjanse til å skrive inn svaret. Kor mange poeng klarer du å samle?
Lag din eigen grammatikk
- Lag din eigen minigrammatikk, med overskrifta “Svake verb”.
- Du skal skrive nynorsk, og punkta nedanfor skal vere hovudpunkta i minigrammatikken din.
- Du skal forklare kva som er typisk for kvar enkelt gruppe, slik vi har gjort for a-verba nedanfor.
- Under kvart hovudpunkt står det oppført eitt eller fleire verb. Dei skal du bruke som eksempel.
- Du skal også skrive opp bøyingsmønsteret for alle desse verba.
A-verb
A-verba får til vanleg preteritumsendinga -et eller -a i bokmål (“jeg kastet” eller “jeg kasta”).
I nynorsk får dei -ar i presens, og -a i preteritum og presens partisipp.
- å kaste – eg kastar – eg kasta – eg har kasta
E-verb
- å lyse
- å leve
- å arbeide
J-verb
- å fortelje
Kortverb
- å bu
Uregelrette svake verb
- å gjere
- å seie
- å eige
- å vite
- å legge
- å sette