Hárjehus
Kva kan du frå før om aktiv og passiv uttrykksmåte?
Aller først i denne læringsstien skal du friske opp nokre fagomgrep, og du skal sjekke kva du hugsar om aktiv og passiv verbform i nynorsk.
I denne læringsstien kjem du til å møte nokon fagomgrep om verb. Sjekk om du kjenner dei!
Du kan sikkert noko om aktiv og passiv frå før?
- Sjå på dei tre setningane under. Kva for setningar står i passiv, kva for ei setning har aktiv verbform?
- Kva slags informasjon manglar i passiv-setningane, samanlikna med setninga som har aktiv verbform?
- I nynorsk kan vi danne passiv på to ulike måtar. Korleis?
Eksempelsetningar
- Endene blir mata.
- Endene må matast.
- Barna matar endene.
Kva meir kan du om passiv?
- Sett setninga om til nynorsk og bruk passiv med bli: “Endene mates klokka femten.”
- Finn feilen i denne setninga: “Endene skal matas klokka femten.”
- Sett om til nynorsk: “Billetten kan hentes på stasjonen.”
- Peik på det som ikkje er bra i denne setninga, og kom med eit betre forslag: “Dette avsnittet lesast høgt.”
- Begge setningane under er skrivne på korrekt nynorsk. Likevel er den eine av dei ofte betre nynorsk enn den andre. Kva for ein uttrykksmåte er ofte best, og kvifor?
- Prisen blei overrekt av statsministeren.
- Statsministeren overrekte prisen.