Hárjehus
Pronomena de og dei
Det er lett å rote med fleirtalspronomena "de" og "dei". På nynorsk bruker vi nemleg "de" om andre person fleirtal, mens vi på bokmål bruker "de" om tredje person fleirtal.
Denne tabellen viser forskjellen:
Bokmål | Nynorsk | |
---|---|---|
1.person | vi | vi |
2.person | dere | de/dokker |
3.person | de | dei |
Eigedomsorda som høyrer saman med "de" og "dei", har du allereie repetert:
Pronomenet nynorsk | Eigedomsordet nynorsk | |
---|---|---|
2.person | de | dykkar/dokkar |
3.person | dei | deira |
Som du ser av tabellen på toppen, kan du bruke forma "dokker" i 2. person fleirtal på nynorsk. "De" og "dokker" er likestilte, slik at du kan velje forma du finn mest naturleg for deg. I øvinga under skal du likevel prøve deg på å bruke "de" på rett stad.