Njuike sisdollui
Hárjehus

Omsettingsøving 5

I denne omsettingsøvinga skal du ha særleg merksemd på bestemmarorda nokon, ingen og annan og på genitiv.

Litt oppfrisking før du går i gang

  • Bestemmarordet nokon bøyer du heilt enkelt slik:
    nokon mann – noka dame – noko barn; fleirtal: nokon elevar
  • Bestemmarorda ingen og annan bøyer du slik:
    ingen mann – inga dame – ikkje noko barn; fleirtal: ingen elevar
    (ein) annan mann – (ei) anna dame – (eit) anna barn; fleirtal: andre elevar
  • Hugs at ein på nynorsk berre bruker s-genitiv ved namn: Pers hatt, Noregs historie
  • Vi kan skrive om med sin ved eit tydeleg eigedomsforhold: naboen sin bil, Per sin hatt
  • Vi kan også skrive om med preposisjonar: Ordføraren i bygda er langt betre nynorsk enn "bygdas ordførar".
  • Vi kan lage samansettingar i staden for genitiv-uttrykk: Stortingsvedtaket er mykje betre nynorsk enn "Stortingets vedtak".

Omsettingsøving

  1. Dagny og Gunnar bor på en plass der ingen skulle tro at noen kunne bo.
  2. De har ikke strøm og ikke innlagt vann, bare veiforbindelse til nabobygda.
  3. Jeg spurte Dagny om hun hadde noen aning om hvor lenge de ville bli boende.
  4. Hun svarte at hun ikke kunne tenke seg noe annet liv.
  5. Gunnar kunne heller ikke tenke seg å bo noe annet sted.
  6. Gårdens framtid var likevel dyster, mente han.
  7. “Vi har to sønner og en datter, men ingen av dem har planer om å bo her.
  8. De vil ikke bo noe annet sted enn i Oslo.
  9. Men ingen bygd kan overleve uten noen unge folk.
  10. Bygdas innbyggere er i ferd med å bli gamle, men ungdommen har andre drømmer.
  11. De vil nyte godt av byens tilbud og muligheter.”

Forslag til omsetting

Vi har laga eit forslag til korleis setningane kan omsettast. Samanlikn gjerne omsettinga di med forslaget vårt. Men vent med å kikke til du er ferdig med å sette om, elles lærer du ikkje særleg mykje!

Guoskevaš sisdoallu

Fágaávdnasat
Forslag til fasit

Ei side med forslag til svar på omsettingsøvingane i læringsstien "Omsettingsøvingar".