Hárjehus
Omsettingsøving 6
I denne omsettingsøvinga skal du ha særleg merksemd på j-verb og nokon andre litt vrine verb, og på spørjeord.
For å klare denne omsettinga bør du kunne nokon litt meir vrine verb, og dei nynorske spørjeorda.
- J-verb er ei gruppe svake verb som ikkje får ending i presens, som å fortelje, å krevje, å spørje, å sette/setje. Det heiter eg fortel, eg krev osv. Dei får også litt spesielle bøyingsformer i preteritum (fortalde, kravde, spurde, sette osv.) Desse verba bør du lære deg.
- Verbet å eige får heller ikkje ending i presens: eg eig. Preteritumsform er eigde.
- Mange bøyer verba å finnast og å synast feil i presens. Dei rette presensformene er det finst og eg synest.
- Spørjeorda som begynner på hv- i bokmål, får kv- i nynorsk: kven, kva, korleis, kvifor, kva for, kva for ein
- Hva synes du vi kan kreve av arbeidstakerne?
- Jeg krever at det skal finnes en vilje til å venne seg til nye krav.
- Man kan jo spørre seg hvilke motiver de har for å jobbe her når de ikke vil følge med på den digitaliseringen som vi alle vet er i ferd med å skje i samfunnet.
- Men mange av dem fins ikke interessert i denne endringen, selv om jeg spurte dem om dette på jobbintervjuet.
- I går satte jeg for eksempel Gunnar til å selge de nyeste pc-ene på markedet.
- Hvordan tror du det gikk?
- Han valgte å kreve plassen på kontoret tilbake.
- Han hadde nemlig ikke kunnskaper nok til å fortelle kundene hvilken maskin de skulle eie.
Vi har laga eit forslag til korleis setningane kan omsettast. Samanlikn gjerne omsettinga di med forslaget vårt. Men vent med å kikke til du er ferdig med å sette om, elles lærer du ikkje særleg mykje!
Guoskevaš sisdoallu
Fágaávdnasat
Forslag til fasitEi side med forslag til svar på omsettingsøvingane i læringsstien "Omsettingsøvingar".