Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Lowenfeld sine teiknestadiumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Det pseudonaturalistiske stadiet (12–14 år)

Lowenfeld meinte at alle barn går gjennom ulike stadium i utviklinga av biletlege uttrykk.

Nokre utviklar seg likevel raskt på grunn av stimulans, modnad og miljø, mens andre bruker lengre tid. Difor kan barn i same klasse eller på same alderstrinn ha komme på ulike stadium. Inndelinga i stadium må vi sjå på som rettleiande og ikkje som ei eksakt norm.

Den aukande realistiske oppfatninga av tilværet og den stadig meir kritiske haldninga til eigne teikningar gjer seg endå meir gjeldande på dette stadiet. Mange synest at det dei teiknar, blir så langt unna verkelegheita at dei heilt sluttar å teikne og måle.

Særleg vil gutar i denne alderen vere kritiske til eigne arbeid dersom dei ikkje blir stimulert rett. For denne aldersgruppa er det sluttresultatet som er viktig, ikkje teikneprosessen.

For å motivere og stimulere til fortsett teikneutvikling er det viktig at teikneprosessen spring ut frå eigne behov. Det er grunnleggjande at elevane kjenner at det dei teiknar, er deira eigne uttrykk og ikkje noko dei produserer for skulen eller læraren si skuld.

For at elevane skal utvikle seg vidare i teikning krevst mykje trening, akkurat som i alle andre fag. Vi kan seie at å teikne er å sjå. Med det meiner vi at når vi veit korleis ein ting ser ut, kan vi òg teikne han. Det viktigaste er ikkje motorikken i handa, men evna til å observere. Dette er likevel berre éi side ved teikning og måling. Endå viktigare er det kanskje at dei unge blir oppmuntra til å uttrykkje tankane og kjenslene sine med sine eigne personlege, subjektive fargar og former.

Nokre elevar er opptekne av at læraren skal hjelpe dei eller teikne for dei. Det kan ein gjerne gjere på eigne ark for å vise dei korleis vanskelege ting kan løysast, men det er viktig at teikninga fullt og heilt er deira eige uttrykk.

Viktor Lowenfeld har delt inn denne aldersgruppa i to typar teiknarar. Den visuelle teiknaren er tilskodaren som prøver å sjå det som skal teiknast. Så er det deltakaren, som engasjerer seg meir med kjenslene i det som skal teiknast. For denne ungdommen eller barnet har sanseopplevingane mykje meir å seie enn det som er synleg.

Puberteten slår no tydeleg inn i teikningane. Kjønnsforskjellane blir ofte kraftig overdrivne, og for gutane kan mennesketeikningane sjå ut som reine karikaturar. Mange har no oppfatta at lys- og skuggelegging gir romverknad. Både menneske og gjenstandar blir skuggelagde på ulikt vis, sjølv om overgangar og nyansar enno er vanskelege å få til. Alt ligg ikkje lenger bak kvarandre i forskjellige plan i teikninga. No ser vi skrålinjer og meir realistiske perspektiv i teikningane. Dette er særleg tydeleg for dei visuelle barna.

Deltakarane vil halde på dei meir kjenslerelaterte, subjektive fargane som eksisterer i fantasien deira, mens dei visuelle teiknarane stadig nærmar seg meir realistisk fargebruk.

På dette stadiet meistrar barna nesten alle materiale og teiknereiskapar. Utgangspunktet bør difor vere at vi vel materiale og teknikk som gjer at uttrykksbehovet til elevane kjem til sin rett.

Utfordringar til deg

  1. Skaff nokre teikningar som barn i denne aldersgruppa har laga. Analyser bileta ut ifrå teksten over.
  2. Kva bør du gjere dersom eit barn vil at du skal teikne for det?
  3. Kva kjenneteiknar dette stadiet?

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium