Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. Lowenfeld sine teiknestadiumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gryande realisme (9–12 år)

Lowenfeld meinte at alle barn går gjennom ulike stadium i utviklinga av biletlege uttrykk.

Tegnet landskap.illustrasjon.

Nokre utviklar seg likevel raskt på grunn av stimulans, modnad og miljø, mens andre bruker lengre tid. Difor kan barn i same klasse eller på same alderstrinn ha komme på ulike stadium. Inndelinga i stadium må vi sjå på som rettleiande og ikkje som ei eksakt norm.

Sjølv om fantasien enno er tydeleg i teikningane til barn mellom 9 og 12 år, aukar behovet for å reflektere verkelegheita. I takt med den generelle utviklinga til barna vil den tidlegare fantasiverda deira gradvis vike for meir realistiske tolkingar av verkelegheita. Dei distanserer seg meir og meir frå dei tidlegare symbolske teikningane sine, og dei byrjar å bli meir kritiske til sine eigne teikningar fordi dei ikkje liknar på verkelegheita.

Lys og skugge blir enno ikkje brukte for å gi tredimensjonale verknader, men overlapping er eit nytt verkemiddel for å skape rom. For eksempel vil eit tre framfor huset gjere at delar av huset ikkje visest. Tidlegare brukte dei røntgenteikning for å løyse dette. Hus som ligg langt unna, blir no teikna mindre enn dei som ligg nær. På denne måten oppnår barna rom og perspektiv i teikningane.

Folk blir ikkje lenger teikna som like skjema. Dei kan skildrast framafrå eller frå sida, og dei har armar og bein med tydelege ledd. Forholdet mellom hovud, kropp, armar og bein blir meir i samsvar med verkelegheita, og kjønnsforskjellane blir understreka tydeleg. Jenter får skjørt med typiske jentefargar, og gutane blir teikna med bukser og blir maskuline.

Barna får no ei mykje meir nyansert oppfatning av fargar. Dei kan skilje valørar og nærliggjande fargar frå kvarandre, og her òg er dei opptekne av at det skal vere realistisk og korrekt.

Frå 9- til 12-årsalderen har barna meir kontroll over fargane, og det er ikkje lenger nødvendig å bruke målefargar med tjukk konsistens. Dei kan no i langt større grad blande sine eigne fargar med vatn, for eksempel for å tone ned ein bakgrunn.

For å få eit meir medvite forhold til fargebruk bør dei heller blande ut sine eigne fargar enn å ha tilgang på ei mengd ferdigblanda fargar. Elles bør elevane etter kvart få meir individuelt tilpassa materiell, som passar best til det dei vil uttrykkje.

Utfordringar til deg

  1. Skaff nokre teikningar som barn i denne aldersgruppa har laga. Analyser bileta ut ifrå teksten over.
  2. Kva treng denne aldersgruppa av utstyr til teikning?

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium