Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Fagarbeidar i sjømatindustrienChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Fagarbeidar i sjømatindustrien

Fisk har danna grunnlaget for liv og busetnad i Noreg i historisk tid. Marin matvareproduksjon var tidlegare eit utprega sesongarbeid, men moderniseringar og planmessige uttak i seinare tid har ført til at ein no kan jobbe i stabile, heilårige jobbar som fagarbeidar i sjømatindustrien.

Ein kvinneleg arbeidar i fiskeindustrien. Foto.

Fakta

Yrkesnemning: Fagarbeidar i sjømat

Utdanning:
Vg1 Restaurant- og matfag
Vg2 Kjøttfag og næringsmiddelindustri
Vg3 Fiskeindustrifaget (Opplæring i bedrift – 2 år)

Eventuell vidareutdanning: Fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Næringa opplever dessutan stor vekst i eksporten av norsk sjømat.

 Tilsette ved eit samleband på Melbu fiskeindustri. Foto.
I fiskeindustribedrifta blir råstoffet filetert gjennom fleire prosessar. Samlebandet er ein viktig reiskap i mange produksjonar.

Kva gjer ein fagarbeidar i sjømatindustrien?

Som ferdigutdanna har du kjennskap til industriell og effektiv framstilling av tradisjonelle fiskeprodukt som klippfisk, reinska reker, sild og makrell, men du får òg innblikk i stadig vekslande internasjonale mattrendar og teknologiske og bioteknologiske nyvinningar.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • mottak og kontroll av fisk og annan sjømat
  • delta i produksjonsprosessen frå råvare til ferdig produkt
  • emballering, pakking og merking
  • bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr
 Ein fagarbeidar pakkar fisk i kassar. Foto.
Den ferdige fiskefileten blir pakka i kassar. Kassane blir merkte før dei forlèt bedrifta.

Kvar kan eg jobbe?

Sjømatbedrifter finn ein over heile kysten, landet rundt. Det er òg store mogelegheiter for å jobbe i utlandet. Bedriftene i ei av dei største eksportnæringane i Noreg har behov for personar med kunnskapar innan kultur, språk, sal og eksport. Den nasjonale sjømatnæringa har behov for personar med spesialkompetanse innanfor alt frå teknologi, automasjon, IKT, næringsmiddelhygiene, produktutvikling og kvalitetssikring.

Ein dugande fagarbeidar i sjømatindustrien:

  • arbeider effektivt, rasjonelt og hygenisk
  • har god fagkunnskap
  • har interesse for teknologi og evne til å handtere maskiner
  • er god på samarbeid

Meir informasjon om yrket finn du på:

Les meir om fagarbeidarutdanninga i sjømatindustrien på utdanning.no.