Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Fagarbeidar i industriell matproduksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Fagarbeidar i industriell matproduksjon

Næringsmiddelindustrien er med sine om lag 50 000 tilsette den nest største industrien i landet. Tungt manuelt arbeid har over tid blitt erstatta av avansert teknologi. Avansert produksjonsutstyr stiller strengare krav til høg kompetanse, og behovet for unge fagutdanna er derfor aukande.

Nidar sjokoladefabrikk. Foto.



Fakta

Yrkesnemning:
Fagarbeidar industriell matproduksjon med fagbrev

Utdanning:
Vg1 Restaurant- og matfag
Vg2 Kjøttfag og næringsmiddelindustri
Vg3 Industriell matproduksjonsfaget (Opplæring i bedrift – 2 år)

Eventuell vidareutdanning:
Fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet


Et samlebånd med gummibjørner på en godterifabrikk. Foto.
Produksjon av gummibjørnar på ein godterifabrikk i Tyskland.

Kva gjer ein fagarbeidar i industriell matproduksjon?

Som fagoperatør vil du kunne jobbe med alt frå produktutvikling til kvalitetssystem for trygg matproduksjon. Du styrer produksjonslinjer med avansert teknologi og har ansvaret for laboratorieanalysar som skal vareta mattryggleiken.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • varemottak og kontroll av råvarer
  • planleggje og styre produksjonen frå start til slutt
  • betene maskiner og anna høgteknologisk utstyr
  • utføre kvalitetskontrollar
  • bruk, vedlikehald og enkel reperasjon av maskiner og utstyr
 Produksjon av Bremykt på ein Tine-fabrikk. Foto.
Produksjon av Bremykt på ein Tine-fabrikk.

Kvar kan eg jobbe?

Næringsmiddelindustrien er stor, og arbeidsmarknaden ber preg av dette. Her kan du velje mellom ei rekkje spennande forgreiningar med produksjon av alt frå sjokolade, øl, mineralvatn, kornprodukt, vin, brennevin og iskrem, til mjølkeprodukt, tobakk, hermetikk og salat, og vidareforedling av kjøt og fisk. Industrien går mot færre, større og meir spesialiserte produksjonsanlegg og treng stadig nye fagutdanna.

Interiør fra et meieri. Foto.
Ein fagarbeidar i matindustrien må kunne bruke ulike typar maskiner og utstyr i produksjonen.

Ein dugande fagarbeidar i industriell matproduksjon:

  • har interesse for produksjonsprosessar
  • jobbar nøyaktig og planmessig
  • er godt organisert
  • har gode kunnskapar om råvarer
  • har gode kunnskapar om datateknologi og produksjonsprosessar


Les meir om fagarbeidar Industriell produksjon:

Les meir om fagbrev for fagarbeidere i industriell matproduksjon på vilbli.no.

Les meir om fagarbeiderutdanningen i industriell matproduksjon på utdanning.no.