Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. ErnæringskokkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ernæringskokk

Ernæringskokkfaget byggjer på kulturen og tradisjonane til hushaldningsskulane. Der la ein vekt på kva maten hadde å seie for befolkninga si helse, og å utnytte ressursane på rett måte og bruke og bevare lokale og nasjonale mattradisjonar.

To kokkar arbeider over gryter på kjøkkenet. Foto.

Fakta

Yrkesnemning:

Ernæringskokk med fagbrev

Utdanning

Vg1 Restaurant- og matfag
Vg2 Kokk- og servitørfag
Vg3 Ernæringskokkfaget (Opplæring i bedrift – 2 år)

Eventuell vidareutdanning:

Meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Ernæringskokken har ei viktig oppgåve i å bidra til å redusere kosthaldsrelaterte helseskadar gjennom informasjons- og rettleiingsarbeid.

Kva gjer ein ernæringskokk?

Som ernæringskokk varetek du matomsorga for personar som av ulike årsaker, for kortare eller lengre tid, ikkje kan ha ansvaret for sitt eige matstell. Du skal kunne planleggje, produsere, distribuere og by fram alle måltid ein person treng i løpet av eit døgn. Mattilbodet skal oppfylle gjeldande ernæringsmessige kriterium, offentlege retningslinjer og behovet til kvar einskild. Du skal vere i stand til å lage mat som gir positive opplevingar, til både friske og sjuke.

Småsteik av okse eller elgkjøt servert på ein kvit middagstallerken. Foto.
Oksesteik er ein vanleg rett som blir servert på institusjonar.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • komponere rettar og menyar i samsvar med offentlege retningslinjer
  • ta omsyn til ulike diettar og tilpassa kost
  • produsere varm og kald mat i store kvanta
  • nytte ulike typar råvarer og tillagingsmetodar
  • produsere og distribuere alle måltid som inngår i heildøgnsforpleiing
  • bruke og vedlikehalde maskiner og utstyr
  • ha eit godt reinhald og ein god produksjonshygiene

Kvar kan eg jobbe?

Som ernæringskokk kan du jobbe innanfor fleire delar av helse- og omsorgssektoren. Til sjøs, offshore, i forsvaret og på internat. Faget stiller strenge krav til ei generell forståing for alle aspekt av matlaginga.

Ein dugande ernæringskokk

  • er glad i å lage mat
  • er gjerne kreativ og har estetisk sans
  • jobbar effektivt og planmessig
  • har gode kommunikasjonsevner og jobbar godt i team
  • har god kontroll på kostnadane
  • forstår godt kva ernæringsmessig vekt maten har

Meir informasjon om yrket:

Les meir om ernæringskokkfaget på vilbli.no.

Les meir om ernæringskokk på utdanning.no.