Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. MarknadsføringChevronRight
  4. Lokalt reiselivstilbodChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Lokalt reiselivstilbod

Hvite sørlandshus og båter ved kai i Lyngør i Tvedestrand. Foto.
Oppgåve 1

Tenk deg at du skal selje eit lokalt eller regionalt feriereisemål.

Spørsmål:

  • Kva for kanalar vil du bruke for å selje og distribuere dette tilbodet?

Gi grunn for svaret.

Oppgåve 2

Gruppeoppgåve: Lokalt reiselivstilbod

Ta utgangspunkt i eit lokalt reiselivstilbod du har kjennskap til. Eventuelt kan du gå inn på internett og finne eit lokalt tilbod.

Drøft følgjande:

  • Korleis vil du beskrive det aktuelle produktet?
  • Kva er kjernen?
  • Kva for periferitenester har tilbodet?
  • Kva for målgrupper passar produktet best for?
  • Korleis kan vi best nå fram til desse målgruppene?

Oppgåve 3

Marknadsplan for lokalt reiseliv

Ta utgangspunkt i eit lokalt reiselivstilbod.

  • Beskriv kort kva som kjenneteiknar tilbodet.
  • Vel målgrupper. Gi grunn for valet.
  • Gi eksempel på aktivitetar du vil bruke for å nå dei aktuelle målgruppene.

Oppgåve 4

Kampanje for lokalt reiselivsprodukt

Ta utgangspunkt i eit lokalt reiselivsprodukt, til dømes eit produkt som inngår i ein marknadsplan for eit meir omfattande tilbod.

  • Beskriv kort kva som kjenneteiknar produktet.
  • Vel målgrupper. Gi grunn for valet.
  • Gi eksempel på aktivitetar du vil bruke for å nå dei aktuelle målgruppene.

Læringsressursar

Marknadsføring