Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for yrkesfaglige programmerChevronRight
  3. Tal og algebraChevronRight
  4. TalrekningChevronRight
  5. Irrasjonale brownies ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Irrasjonale brownies

I denne oppskrifta må du bruke talkunnskapane dine for å finne rette mengder, grader og steiketid. Lykke til, og håpar du får tala rett slik at kaka smakar.

Brownies.Foto.

Ingrediensar:

Rund av til nærmaste heile tal.

  • 0,95 π egg
  • 110e gram sukker
  • 1013 gram smør (smelta)
  • 1062 gram kveitemjøl
  • 25φ gram bakekakao (sikta)
  • 30,5 teskeier vaniljesukker
  • 20,5 teskeier bakepulver
  • 212 matskeier melis til dekor

Slik gjer du:

Sett steikeomnen på 55π grader (over- og undervarme). Bruk gjerne ei gradskive om du finn hjelp i dette.

Smelt smøret og la det avkjølast noko. Rør egg og sukker raskt saman med ein visp. Bland saman kveitemjøl, bakekakao, vaniljesukker og bakepulver. Rør inn smøret vekselvis med mjølblandinga. Bruk gjerne ein stor slikkepott eller linjal mot slutten.

Fordel røra i ei kakeform med bakepapir (helst utan påskrivne matematikkutrekningar) som er ca. 500 cm2. Steik midt i omnen i ca. 13 t, til kaka er nesten gjennomsteikt. Sjekk midt i kaka med en passar eller liknande. Det skal henge igjen litt røre på passaren slik at kaka di blir saftig og god. Ho må heller vere for lite enn for mykje steikt (men det er sjølvsagt ein smaksak).

Avkjøl kaka på rist, del ho opp i passande stykke og gi ho gjerne eit lite dryss med melis før servering.

Nytast slik ho er eller saman med ei herleg matematikkoppgåve.

(Laga med utgangspunkt i Trines Matblogg.)

Læringsressursar

Talrekning

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter