Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. Tal og algebraChevronRight
  4. TalrekningChevronRight
  5. ProporsjonalitetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Proporsjonalitet

No skal du lage gode forklaringar på kva proporsjonalitet er! Oppgåvene kan løysast med digitale hjelpemiddel.

6.1

Ein butikk tar 9,90 kroner per hg for smågodt.

a) Forklar at mengda smågodt du kjøper er proporsjonal med prisen.

vis fasit

Mengden smågodt og prisen er proporsjonale da forholdet mellom storleikane er det same.

prismengden smågodt=9,90

b) Fyll ut resten av tabellen.

Mengd smågodt i hg, M 12345
Pris i kr, P9,90
Forhold P/M9,90
vis fasit
Mengd smågodt i hg, M
1 2 3 4 5
Pris i kr, P
9,90 19,80 29,70 39,60 49,50
Forhold P/M
9,90 9,90 9,90 9,90 9,90

6.2

Du kan finne omkrinsen av ein sirkel ved å bruke formelen O=π·d der O er omkrinsen og d er diameteren i sirkelen.

a) Fyll ut resten av tabellen.

Diameteren d i meter12345
Omkrinsen O i meter3,14 12,56
Forhold O/d
vis fasit
Diameteren d i meter
1 2 3 4 5
Omkrinsen O i meter
3,14
6,28
9,42
12,56
15,70
Forhold O/d
3,14 3,14
3,14 3,14 3,14

b) Forklar kvifor omkrinsen og diameteren er proporsjonale storleikar.

vis fasit

Forholdet mellom omkrinsen og diameteren i ein sirkel er konstant.

c) Kva for eit forhold er det alltid mellom omkrinsen og diameteren i ein sirkel? Kva kallar vi dette forholdstalet?

vis fasit

Forholdet mellom omkrinsen og diameter i ein sirkel er pi π3,14.

6.3

Prisen for å sende ein sms er 0,49 kr per melding.

a) Set opp ein tabell og rekn ut kor mykje det kostar for 20, 80, 150, 180 og 200 sms.

Talet på sms, x2080150180200
Pris, P
Forhold P/x
vis fasit
Talet på sms, x
20 80 150 180 200
Pris, P
9,80 39,20 73,50 88,20 98,00
Forhold P/x
0,49 0,49 0,49 0,49 0,49

b) Forklar kvifor talet på sms og prisen er proporsjonale storleikar

vis fasit

Forholdet mellom pris per sms og talet på sms er konstant. Sjå tabellen i a).

c) Set opp ein formel som viser prisen P for x sms.

vis fasit

P=0,49·x

6.4

Grafen viser samanhengen mellom talet på timar Siri arbeider og den lønna ho får.

Grafisk fremstilling over lønn

a) Les av grafen kor mange timar ho har arbeidd når ho har tent 750 kroner.

vis fasit

Les av at ho har arbeidd ca. 5 timar når ho har tent 750 kroner.

b) Les av grafen kor mange timar ho har arbeidd når ho har tent 1 500 kroner.

vis fasit

Les av at ho har arbeidd ca. 10 timar når ho har tent 1500 kroner.

c) Les av grafen kor mange timar ho har arbeidd når ho har tent 3 000 kroner.

vis fasit

Les av at ho har arbeidd ca. 20 timar når ho har tent 3000 kroner.

d) Kva for ei timelønn har Siri?

vis fasit

Timelønna til Siri er 750 kroner5=1500 kroner10=3000 kroner20=150 kroner

Læringsressursar

Talrekning

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter