Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Kven var kjerringa mot straumen?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Kven var kjerringa mot straumen?

Kjerringa mot straumen har vorte eit uttrykk som vert brukt i ulike samanhengar. Kven var "kjerringa mot straumen"? Kva for funksjon hadde ho i debatten om "det norske"?

Kjerringa mot strømmen ligger i vannet. Illustrasjon.

Les to tekstar med tittelen Kjerringa mot strømmen:

Oppgåver

  1. Gi ein karakteristikk av "kjerringa mot straumen" i folkeeventyret. Kva for eigenskapar har ho? Er ho framstilt sympatisk eller usympatisk? Kven får du som lesar sympati med? Grunngi svaret ditt.
  2. Korleis omtaler Camilla Collett "kjerringa mot straumen"? Får du inntrykk av at ho meiner det same som folkeeventyret om kva det vil seie å vere "kjerringa mot straumen"? Grunngi svaret ditt.
  3. Finst det nokre genuint norske verdiar i dei to tekstane? Grunngi svaret ditt. Du kan finne meir bakgrunnsinformasjon gjennom å lese fagartiklane Demokrati – for alle og Vi ere en nasjon vi med.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale