1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HMSChevronRight
  5. Vernerunde på arbeidsplassenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Vernerunde på arbeidsplassen

Systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid er eit krav i internkontrollforskrifta. Vernerundar er eit tiltak i dette arbeidet.

Fotokollasje for felles HMS ressurs. Foto.
HMS-lover og reglar (kollasj)

Dette skal vi gjera:

  1. Inviter verneombodet på skulen til klassen for å fortelja om korleis skulen driv systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Førebu spørsmål, og noter undervegs.
  2. Del klassen i grupper på tre og tre.
  3. Kvar gruppe vel ein bygning på skulen og planlegg ein vernerunde i denne bygningen. Det kan vera ein verkstad, eit utstyrslager eller ein driftsbygning. Eit skulebygg med undervisningsrom kan også brukast.
  4. Finn ut kven som arbeider i den aktuelle bygningen.
  5. Kva arbeidsoperasjonar vert utførte i bygningen?
  6. Kva risikomoment må de vera merksame på?
  7. Kva verneutstyr skal vera der?
  8. Lag sjekklister.
  9. Gruppene går vernerunde i «sin» bygning. Noter!
  10. Diskuter resultata.

Etter denne økta kan du:

  • forklara kva eit verneombod gjer
  • forklara kva ein vernerunde er, og kvifor det er viktig
  • finna manglar i ein bygning
Vurdering:

Du får ingen karakter etter denne økta, men det vi har lært i dag, vert testa seinare i ein munnleg/praktisk prøve.

Læringsressursar

HMS

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter