Arbeidsoppdrag
Vernerunde på arbeidsplassen
Systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid er eit krav i internkontrollforskrifta. Vernerundar er eit tiltak i dette arbeidet.
Dette treng vi:
internkontrollforskrifta
- penn og papir
- Inviter verneombodet på skulen til klassen for å fortelje om korleis skulen driv systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Førebu spørsmål, og noter undervegs.
- Del klassen i grupper på tre og tre.
- Kvar gruppe vel ein bygning på skulen og planlegg ein vernerunde i denne bygningen. Det kan vere ein verkstad, eit utstyrslager eller ein driftsbygning. Eit skulebygg med undervisningsrom kan også nyttast.
- Finn ut kven som arbeider i den aktuelle bygningen.
- Kva arbeidsoperasjonar blir utførte i bygningen?
- Kva risikomoment må de vere merksame på?
- Kva verneutstyr skal vere der?
- Lag sjekklister.
- Gruppene går vernerunde i "sin" bygning. Noter!
- Diskuter resultata.
Etter denne økta kan du:
- forklare kva eit verneombod gjer
- forklare kva ein vernerunde er, og kvifor det er viktig
- finne manglar i ein bygning
Relatert innhald
Fagstoff
På tide med ein vernerunde?Er det på tide med ein vernerunde? Her får du informasjon om kva ein vernerunde er.