Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Vernerunde på arbeidsplassen

Systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid er eit krav i internkontrollforskrifta. Vernerundar er eit tiltak i dette arbeidet.
Raudt paragrafteikn framfor mange kvite. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette treng vi:

  • internkontrollforskrifta

  • penn og papir

Dette skal vi gjere:

  1. Inviter verneombodet på skulen til klassen for å fortelje om korleis skulen driv systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Førebu spørsmål, og noter undervegs.
  2. Del klassen i grupper på tre og tre.
  3. Kvar gruppe vel ein bygning på skulen og planlegg ein vernerunde i denne bygningen. Det kan vere ein verkstad, eit utstyrslager eller ein driftsbygning. Eit skulebygg med undervisningsrom kan også nyttast.
  4. Finn ut kven som arbeider i den aktuelle bygningen.
  5. Kva arbeidsoperasjonar blir utførte i bygningen?
  6. Kva risikomoment må de vere merksame på?
  7. Kva verneutstyr skal vere der?
  8. Lag sjekklister.
  9. Gruppene går vernerunde i "sin" bygning. Noter!
  10. Diskuter resultata.

Etter denne økta kan du:

  • forklare kva eit verneombod gjer
  • forklare kva ein vernerunde er, og kvifor det er viktig
  • finne manglar i ein bygning

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit (HMS)