Ergonomiske prinsipp
Forenkla kan vi seie at ergonomi er eit kunnskapsfelt som handlar om tilpassing mellom arbeidsmiljø/-teknikk og mennesket. For å unngå sjukdom og belastingsskadar må både arbeidsgivar og arbeidstakar ta omsyn til kva som er god ergonomi.
Riktig belasting er sunt, og rørsle er naudsynt. Målet er å redusere feilbelasting og overbelasting. Tungt og einsformig arbeid, svært belastande arbeidsstillingar og tidspress er spesielt uheldig.
Muskel- og skjelettplager er den største enkeltårsaka til sjukefråvær i arbeidslivet. Vi veit at ein del av desse plagene kjem av yrkesarbeid, men vi veit ikkje nøyaktig kor stor denne delen er.
Helseplager kan oppstå når tolegrensene for kroppen blir overskridne. Dette er ein normal reaksjon på for høg belasting.
Årsaka kan vere at arbeidet er for tungt, for einsformig, blir utført i uheldige arbeidsstillingar eller varer for lenge.
God ergonomi på arbeidsplassen inneber at arbeidet er fysisk tilrettelagt og føremålstenleg organisert. Det er viktig med god tilrettelegging også for dei som allereie har muskel- og skjelettplager, slik at ein kan unngå sjukefråvær og eventuelt uføre.
Fakta frå Arbeidstilsynet
- Dårlege ergonomiske forhold i arbeidsmiljøet er ei av dei største bekymringane i arbeidslivet.
- I løpet av livet får om lag 80 prosent plager med ryggen, og heile tida er 15–20 prosent av befolkninga plaga med ryggen.
Arbeidsgivaren har ansvar for å leggje arbeidet til rette slik at arbeidstakarane ikkje blir påførte skadar eller plager.
Som framtidig arbeidstakar bør du vere med og peike på naudsynte endringar for å betre forholda, og du må også sjølv seie frå når grensene til kroppen er nådde. Vi har alle ulike grenser for kva som er tungt arbeid og ikkje.
Hovudreglar for å førebyggje muskel- og skjelettplager
- Fjern årsaka til muskel- og skjelettplagene. Finn eventuelt ei erstatning.
- Unngå tungt arbeid og einsformig gjentakingsarbeid.
- Byt ut tunge objekt med lettare.
- Få hjelp av andre eller bruk hjelpemiddel til tunge løft.
Arbeidsgivar har ansvar for at du får opplæring i å flytte saker / løfte riktig og elles leggje arbeidet til rette slik at du får minst mogleg einsformig gjentakingsarbeid.