Øving
Filosofiske og ikkje-filosofiske spørsmål
Eit filosofisk spørsmål skil seg frå andre spørsmål gjennom at dei ikkje har eintydige og klare svar. “Kva er klokka?” er ikkje eit filosofisk spørsmål, mens spørsmålet: “Kva er tid?” er eit filosofisk spørsmål.
Nedanfor ser du ei rekkje spørsmål. Nokre av dei er filosofiske, andre ikkje. Det er verdt å merke seg at ei rekkje spørsmål av ikkje-filosofisk karakter kan utvikle seg til å bli ein diskusjon der ein rører ved filosofiske tema, så skiljet mellom dei to kategoriane er ikkje absolutt. Diskuter derfor gjerne svara dine med ein medelev.