Er filosofi viktig for deg?
Som fag har filosofien vore oppteken av spørsmål som:
- Korleis få sikker kunnskap om verda?
- Kva er lykke?
- Kva gjer ein handling god?
- Finst det ei meining med tilværet?
Som metode er filosofi ein måte å tenkje på. Filosofi betyr “kjærleik til visdom”. I dette ligg det at filosofar søkjer kunnskap. Men i motsetnad til i vitskapen er filosofen ikkje nødvendigvis på jakt etter svar som er vitskaplege og som kan etterprøvast. Han søkjer ikkje svar på spørsmål som kan svarast på empirisk – altså ved hjelp av observasjon, eksperiment og forsøk. I filosofien er ein ofte meir oppteken av den gode samtalen og den utforskande og undrande tanken.
Spørsmåla filosofen søkjer svar på, har ikkje nødvendigvis eitt sant svar. Big Bang er det naturvitskaplege svaret på kva som var opphavet til verda. Men dersom du spør deg om det var ein plan – eller ei meining – bak Big Bang, beveger du deg inn i den filosofiske måten å nærme seg spørsmålet på. Og her har vi ikkje eintydige svar, berre ei rekkje gode spørsmål, tankar og idear som kan føre oss vidare i undringa.
- Kva meiner vi med filosofi som metode?
- Kva er forskjellen på eit filosofisk spørsmål og eit vitskapleg spørsmål?
- Korleis kan filosofi vere aktuelt i ditt liv?