Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmoppgåve: Det perfekte samfunnet

Kva er eit godt samfunn? Det er eit eksistensielt spørsmål som har oppteke filosofar og religiøse leiarar langt tilbake i historia.

Oppgåve 1. Det perfekte samfunnet

Diskuter før de ser filmen:

  1. Korleis ser eit verkeleg godt samfunn ut?

  2. Er det mogleg å skape eit slikt samfunn i praksis? Grunngi svaret.

Sjå filmen og jobb med oppgåvene under.

Test deg sjølv. Kva hugsar du frå filmen?

Oppgåve 2. Spørsmål til filmen

  1. Kva er ein utopi?

  2. Kva kan vere fordelane og ulempene med å prøve å skape ein utopi eller eit perfekt samfunn?

  3. Kvifor trur du mange har meint at eit perfekt samfunn bør vere harmonisk? Er du einig eller ueinig? Grunngi svaret.

  4. Diskuter om teknologien vil bidra til å skape eit betre eller dårlegare samfunn i framtida.

Refleksjonsoppgåve

Undersøk kva for eit politisk parti Henrik Syse støttar. Trur du det er ein samanheng mellom Syses politiske ståstad og synet hans på politiske utopiar? Grunngi svaret.

Oppgåve 3. Fordjuping

  1. Hos mange filosofar finn vi førestillingar om eit idealsamfunn. Fleire trussamfunn har slike førestillingar. I tillegg har mange livssyn dette med i ideologien sin.

    • Finn skildringar av idealsamfunn hos to ulike trussamfunn, livssynssamfunn eller filosofar.

    • Gi ei kort skildring av hovudtrekka ved dei to idealsamfunna de har funne.

  2. Samanlikn deretter dei to skildringane:

    • Kva er likt?

    • Kva er ulikt?

  3. Diskuter årsakene til likskapane og forskjellane de har funne.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Det gode samfunnet