Hopp til innhald

Fagstoff

Utopiar – draumen om det gode samfunnet

Kva er eit godt samfunn? Opp gjennom historia har forfattarar og filosofar forsøkt å tenkje ut korleis eit verkeleg godt samfunn ville sjå ut. Dette ideelle framtidssamfunnet kallar vi ein utopi.
Nakne menneske leikar, dansar og hygger seg i ein hage omgitt av dyr. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den første som brukte ordet utopi, var den britiske humanisten Thomas More. Inspirert av dei mange nye oppdagingsreisande på 1400-talet og byrjinga av 1500-tallet, skreiv han i 1516 romanen Utopia. Boka handlar om det oppdikta samfunnet Utopia. I likskap med mange seinare utopiar er det eit samfunn med minimal ulikskap og urettferd. Det er eit fredeleg samfunn basert på religiøs toleranse, fellesskap og samarbeid.

Sjølve ordet utopi laga More frå gresk, og det kan både bety ein god stad og ein stad som ikkje eksisterer. Det betydde likevel ikkje ein stad som aldri ville kome til å eksistere i framtida. I dag forbind ein ofte ein utopi med eit urealistisk drøymesamfunn som ikkje lèt seg gjennomføre i praksis. For mange har derfor ordet utopi fått ei negativ tyding, som det ikkje hadde i byrjinga.

Bilde av tre menn som står føre eit par seilskuter og ei øy med fleire byar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei farlege utopiane

Det første dømet på ein politisk utopi finn vi hos den greske filosofen Platon. Han skildra eit idealsamfunn styrt av ein liten elite vise menn eller kvinner. Denne eliten måtte gjennom ein lang utdannings- og utveljingsprosess. For å sikre at dei styrande ikkje tenkte på noko anna enn det beste for samfunnet, fekk dei verken lov til å ha eigedom eller familie.

I Platons utopi var einskildmennesket heilt underlagt Staten, og det var lite rom for personleg fridom og å vere annleis. Dette er noko vi finn att seinare i historia, og det er fleire døme på utopiar som leiar til vald og undertrykking. I jakta på det ariske samfunnet drap nazistane millionar av jødar, sigøynarar og homofile, medan kommunistane sin draum om det klasselause samfunnet i Sovjetunionen førte til at millionar blei sendt til konsentrasjonsleirar i Sibir eller avretta.

Glade, kinesiske ungdommar viftar med Maos vesle, raude bok. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst også religiøse utopiar. I mellomalderen var det fleire kristne sekter som prøvde å realisere eit religiøst idealsamfunn, eit tusenårsrike, basert på profetiane i Bibelen. I 1534 tok ei gruppe anabaptistar makta i Münster og innførte eit religiøst styre, eit teokrati, for å realisere Guds rike på jorda og førebu tilbakekomsten til Jesus. Dei døypte byen om til «Det nye Jerusalem», brente alle bøker utanom Bibelen, avskaffa privat eigedomsrett og innførte tvangsarbeid. Alle som protesterte, blei fengsla eller avretta.

Maskerte personar med automatvåpen siktar på ei lang rekke med personar som ligg på magen med hendene over bak hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit fellestrekk mellom nazistane, kommunistane i Sovjetunionen og dei kristne sektene i mellomalderen, er at dei ønskte seg ei plutseleg og total forandring av heile det eksisterande samfunnet. For å realisere utopien måtte alle stå saman og jobbe mot det same målet, og alt som var framand, alt som kunne truge eininga, måtte bli reinska bort på brutalt vis.

Utopiar i tida vår

Korleis vil Noreg sjå ut om femti eller hundre år?

Samfunnet vårt er eit resultat av menneske som førestilte seg ei framtid med betre velstand, mindre krig, meir likestilling og meir demokrati. Det er lett å tenkje seg at Noreg i dag berre ville ha verka som ein fantasifull draum for fattige norske husmenn eller tenestejenter på 17- og 1800-talet, men korleis vil verda vår sjå ut om femti eller hundre år? Kva er våre draumar?

I den utopiske romanen Ecotopia skildrar Ernest Callenbach eit økologisk framtidssamfunn. I staden for å arbeide lange dagar og bruke mange pengar på forbruk, har innbyggjarane i Ecotopia meir fritid og føretrekkjer å lage sine eigne ting. Alle i samfunnet får «borgarløn», og har derfor moglegheit til å bestemme over si eiga tid og arbeide med det dei verkeleg brenn for.

Ecotopia skildrar ein annan måte å organisere samfunnet på. Mange utopiar i tida vår er meir opptatte av kva slags samfunn vi kan skape ved hjelp av ny teknologi. Ein slik utopi er transhumanisme, der ein ønskjer å bruke vitskapen til å forandre på mennesket. Ved hjelp av medisinar, genteknologi og annan bioteknologi vil ein til dømes hindre aldring og auke mennesket sine mentale og fysiske eigenskapar. Enkelte retningar i transhumanismen går endå lenger og ser føre seg at mennesket ved hjelp av kunstig intelligens og robotikk, kan utvikle seg til å bli ein heilt ny og udøyeleg art.

Elon Musk pratar under ein Tesla-logo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For nokon er transhumanisme ein draum, for andre eit mareritt. Det motsette av ein utopi er ein dystopi. Det er ei skildring av framtidige skrekksamfunn, og i dag finn vi minst like mange, om ikkje fleire, dystopiar i filmar, tv-seriar og bøker. Fleire av desse dystopiane beskriv ei verd som er øydelagt av forureining. Her har teknologien blitt fienden til mennesket, regjeringane har brote saman, og menneska står på randa av utrydding.

Medan dystopiane gir oss ei åtvaring, kan utopiane gi oss håp. På sitt beste kan utopiar få oss til å tenkje nytt om samfunnet, og samle menneske rundt ein felles visjon om framtida. Utfordringa er å skilje mellom realistiske moglegheiter og urealistiske draumar.

Relatert innhald


Litteraturliste

Cohn, N. (1999). Jakten på tusenårsriket. Revolusjonære millenarister og mystiske anarkister i middelalderen. Oslo: Humanist forlag

Mathisen, W. C. (2016, 5. mai). Hvorfor lese utopier. Samfunnsvitern. Henta frå http://samfunnsvitern.com/hvorfor-lese-utopier/

More, T. (1982). Utopia Oslo: Aschehoug forlag

Svendsen, L. F. (2009, 29. januar). Filosofi: Politiske paradiser – helvete på jord? Henta frå https://www.civita.no/2009/01/29/utopier

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Det gode samfunnet