Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Det perfekte samfunnet

Oppgåve

Transhumanisme

Er mennesket slik det ser ut i dag siste etappe i evolusjonen? Transhumanistane er opptekne av å bruke moderne bio- og nanoteknologi til å forbetre mennesket, og gjere oss meir intelligente og mindre sårbare overfor sjukdommar, slik at vi til sjuande og sist kan oppnå evig liv.

Sjå innslaget om transhumanisme frå 5.46 i videoen under.

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåver til videoen

I denne videoen kjem filosofane Ole Martin Moen og Henrik Syse med ulike påstandar om transhumanismen. Diskuter påstandane under. Er de einige eller ueinige? Grunngi svara dykkar.

  1. Vi burde bruke moderne bio- og nanoteknologi til å bli kvitt sjukdommar.
  2. Vi burde bruke moderne bio- og nanoteknologi til å forlengje menneske sine liv.
  3. Vi burde bruke moderne bio- og nanoteknologi til å skape menneske med evig liv.
  4. Det er ikkje nokon forskjell mellom å ønske evig liv på jorda, og ønsket om evig liv etter døden.
  5. Viss ny teknologi fjernar sjukdom og alderdom, vil religion bli mindre viktig.
  6. Forsøket på å designe mennesket kan føre til eit totalitært og undertrykkjande samfunn.

Her kan de gjennomføre ei klasseromsundersøkjing om de er einige eller ueinige i dei påstandane som kjem fram i filmen.

Tenesta krev pålogging, men er gratis: Kahoot-undersøkjing

Diskusjon

Diskuter argument for og mot transhumanisme. Er transhumanisme ein utopi eller ein dystopi?

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022