Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Utopi eller dystopi?

Svar på oppgåvene individuelt, og diskuter svara i klassen.
To vegskilt med påskrift "Realists" og "Idealists". Det første peikar mot venstre, det andre opp mot himmelen. Foto.
  1. Ifølgje ei undersøkjing utført av Kirkens Nødhjelp i 2017, trur 80 % av norske ungdommar mellom 19 og 29 år at verda ikkje vil vere ein betre stad å leve i om ti år. Kvifor trur de at så mange ungdommar har eit negativt syn på framtida?
  2. Hvis de tenkjer på dagens filmar, bøker og TV-seriar, er det flest utopiar eller dystopiar? Kvifor er det slik, trur du?
  3. Diskuter om vi treng fleire utopiar eller dystopiar, eller om vi klarar oss best utan. Prøv å finne argument både for og mot.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019