Hopp til innhald

Fagstoff

Homofili

Homofili var forbode i Noreg fram til 1972. I enkelte religiøse miljø er dette framleis eit omdiskutert tema, sjølv om homofile generelt er mykje meir aksepterte i dagens norske samfunn enn dei var for 50 år sidan. Revygruppa på Elvebakken vidaregåande skule snakkar saman om synet sitt på homofili.
  1. Noter ned dei viktigaste argumenta som kjem fram i filmen og del dei i to grupper:

    • positiv til homofili
    • negativ til homofili
  2. Korleis blir religion brukt til å grunngi standpunkta i diskusjonen?
  3. Kva for andre argument blir brukt i debatten rundt homofili? Finn døme frå begge sider.
  4. Den eine kristne eleven i videoen seier at han kjenner skam når han høyrer frå andre kristne at homofili er syndig. Kvifor trur du han reagerer slik?
  5. Snakk saman om temaet i klassen eller i grupper. Fokuser på følgjande punkt:

    • Kvifor trur de homofili vekkjer så sterke kjensler og så mykje debatt?
    • Homofili var i Noreg klassifisert som ein sjukdom og forbode heilt fram til 1972. Kva kan ha vore årsakene til dette?
    • Bør homofile ha akkurat dei same rettane som heterofile, til dømes når det gjeld ekteskap og adopsjon?
    • Somme religiøse grupper har eigne program for å “lækje” homofile. Bør det vere tillate å drive såkalla “homo-terapi” på religiøst grunnlag?

Relatert innhald

Kva skal vi meine om genmodifisering, kloning og gentesting? Revygruppa på Elvebakken vidaregåande skule diskuterer.

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022

Læringsressursar

Relasjonar, seksualitet og grensesetjing