Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eit etisk dilemma

I nokre situasjonar er det vanskeleg å avgjere kva for ei handling som er rett. Eit dilemma er ein situasjon der ein har fleire alternativ, og der ingen av alternativa byr på ei god løysing på problemet.
To unge jenter snakkar fortruleg saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit etisk dilemma

Trine er ei jente på 18 år. Ho er i ein situasjon der ho tykkjer det er vanskeleg å vite kva ho skal gjere, og skriv derfor til ein blogg som driv med etisk rådgiving for unge:

Erna er bestevenninna mi. Vi er som erteris. Vi fortel kvarandre alt og har ingen hemmelegheiter for kvarandre. Det er godt å ha ei venninne som Erna. Ho har tidlegare slite litt med depresjon og angst, men alt dette blei borte etter at ho traff Jonas. Eg trur Erna er veldig forelska i Jonas. Problemet er at eg på laurdag tilfeldigvis såg Jonas sittande på ein benk i parken. Han klinte med ei jente, og det var ikkje Erna! Kva gjer eg no? Eg er redd for at Erna kan bli veldig lei seg og deprimert att viss eg fortel ho kva eg såg. Samtidig kan eg jo heller ikkje halde dette skjult for ho! Kva skal eg gjere?

Helsing Trine

Diskuter med ein medelev

  1. Diskuter det etiske dilemmaet med ein medelev i klassen. Finst det eit enkelt svar her på kva som er rett å gjere?
  2. Kva råd ville de ha gitt Trine?
  3. Har de sjølv nokon gong hatt eit etisk dilemma? Del erfaringar med kvarandre.
  4. Korleis løyste de problemet?
  5. Diskuter kva andre val de kunne ha teke i den situasjonen de var i.
CC BY-SASkrive av Martin Frank.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Relasjonar, seksualitet og grensesetjing