Hopp til innhald

Fagstoff

Human-Etisk Forbund

Human-Etisk Forbund er eit norsk livssynssamfunn som arbeider for ein livssynsnøytral stat og for å fremje humanistiske verdiar med utgangspunkt i FN sine menneskerettar. Organisasjonen er aktiv i den livssynspolitiske debatten og arrangerer alternative livsløpsseremoniar.
Mann med dokument framfor mange arkivboksar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Alt i mellomkrigstida hadde fleire intellektuelle stilt seg kritisk til at ein moderne stat som den norske skulle byggje etikken på ein bestemt religion. Dei begynte å arbeide for religionsnøytral livssynsundervisning og alternativ til kyrkjelege ritual som til dømes konfirmasjon. Våren 1956 sende biologen Kristian Horn og tre medarbeidarar ut ei «Innbyding til stifting av Humanetisk Forbund i Noreg», og rundt 400 personar samla seg til eit startmøte i Oslo.

Horns nemning human-etikk var naturleg å bruke for Human-Etisk Forbund (HEF), då utgangspunktet var å grunngi etikken i mennesket. Seinare har nemninga livssynshumanisme (som Horn brukte alt i 1967) vunne aksept. Uttrykket sekulær humanisme blir også brukt for å markere forskjell frå humanisme i religiøse variantar. I dag brukar HEF oftest nemninga humanisme, då livssynet omfattar meir enn etikk, og humanisme blir brukt av HEF sine internasjonale søsterorganisasjonar.

Forløparar: fritenkjarane

Uttrykket fritenkjar blei vanleg i Noreg på 1800-talet om ein person som ville tenkje fritt om religion, uavhengig av kyrkja. Det omfatta både ateistar og agnostikarar, både dei som avviste gudstrua og dei som stilte seg meir opne og tvilande.

Diskusjonen gjaldt ikkje minst om fritenkjarane kunne ha moral når dei ikkje hadde religion. I Arne Garborg sin roman Ein fritenkjar (1879) prøver hovudpersonen nyttelaust å overtyde kona si om at han for sitt samvits skuld ikkje kan la barnet deira bli døypt. Her er argumentet ærlegdom – moral blir å vere tru mot si eiga overtyding. Romanen kom to år etter at ein annan forfattar, Bjørnstjerne Bjørnson, forlét kristendommen og sto fram som fritenkjar med talen «At være i Sandhed».

Kulturradikalismen

Bjørnson sitt ideal finn ein igjen i mellomkrigstida sin såkalla kulturradikalisme, då forfattaren Helge Krog skriv at moral basert på fornuft er ein høgare og reielegare moral enn den som blir tvunge på dei frå preikestolane.

Krog var saman med Sigurd Hoel og Arnulf Øverland det såkalla radikale trekløver. Kulturradikalismen kan karakteriserast ved tre kjenneteikn:

  • draumen om det frie menneske (politisk og seksuell frigjering, kvinnefrigjering)
  • trua på vitskapen (særleg naturvitskap)
  • trua på forfattarrolla: den intellektuelle opposisjon

Vitskapen blei særleg knytt til tenkjarar som Karl Marx og Sigmund Freud, som brukte økonomi og psykologi til å forklare kva for krefter som styrer mennesket, og inspirerte til sosial og individuell frigjering. Men kulturradikalarane kunne også vere kritiske til at ein berre la vekt på fornufta, spesielt i litterære tekstar.

Mann sit i ein lenestol framfor ei bokhylle med ein sigarett i høgre hand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturradikalarane kunne også formulere ein konstruktiv humanisme. I diktet "En hustavle" brukar Arnulf Øverland ein religiøs sjanger til å formidle eit allmennmenneskeleg innhald. I staden for religion fokuserer han på menneskelege verdiar som «Det at du gleder en annen, det er den største glede».

Utover 1930-talet blei fronten mellom kristne og kulturradikalarar overskygga av ein felles front mot fascismen. Ei strofe frå Nordahl Grieg sitt dikt «Til ungdommen» er blitt ståande som samlande uttrykk for kampen mot det umenneskelege:

Her er ditt vern mot vold,
Her er ditt sverd:
Troen på livet vårt,
menneskets verd.

Utvikling og organisasjon

HEF var lenge ein ganske liten organisasjon med nokre hundre medlemmar. Medlemstalet auka kraftig på 1980-talet, ikkje minst som følgje av aksjonar for utmelding av statskyrkja. HEF har i 2019 omlag 90.000 medlemmar.

To festkledde jenter i tenåra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forbundet har hovudkontor i Oslo og fylkeslag i alle fylke, og er medlem av Humanists International (International Humanist and Ethical Union, IHEU).

Human-Etisk Forbund er både ein livssynsorganisasjon for folk med eit human-etisk livssyn, og ein livssynspolitisk organisasjon i arbeid for at samfunnet ikkje skal gi noko livssyn prioritet i det offentlege (lovverk, skulevesen). I vedtektene heiter det at HEF arbeider for å fremje og vidareutvikle humanismen gjennom

  • å arbeide for ein livssynsnøytral stat og eit pluralistisk samfunn
  • å arbeide for livssynsfridom og respekt for menneskerettane
  • å auke kunnskapen om livssynet og forbundet si verksemd
  • å gi medlemmane ei sosial og organisatorisk ramme for livssynsidentitet og fellesskap
  • å gi tilbod om humanistiske seremoniar

Seremoniar og kulturformidling

HEF har arbeidd med å utvikle tilbod om seremoniar med eit humanistisk innhald ved livsløpsmarkeringane, som alternativ til kyrkja sine seremoniar. Dei arrangerer humanistisk namnefest, vigsel og gravferd, og tilbodet om humanistisk konfirmasjon har fått særleg oppslutning. I 2018 valde omlag 11.500 ungdommar å konfirmere seg humanistisk, altså noko under femteparten av alle norske 15-åringar.

Mange festkledde ungdommar samla i ein stor sal med freskomåleri på veggane. Foran på podiet står eit flygel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Human-etisk forbund er aktiv i media sin livssynsdebatt. Humanist forlag gir ut klassikarar og debattlitteratur, og nettavisa Fri tanke og tidsskriftet Humanist tek opp livssyns- og samfunnsspørsmål.

Kritikk og debatt

Human-etisk forbund sin bruk av nemninga humanisme har møtt kritikk, då humanisme har fleire betydingar enn livssynshumanismen. HEF har også møtt kritikk for å gjere seg avhengig av religionen som fiende. Debatten om dette kan ein blant anna følgje i ei rekkje innlegg i Fri tanke.

Det finst også brytningar innan rørsla, ikkje minst mellom dei som ser kamp mot religion og overtru som det sentrale og dei som heller vil leggje vekt på humanismen sitt positive menneskesyn, arbeid for menneskerettar og velferdsutvikling. Dei nyare nordiske humanistmanifesta (2006 og 2016) tek ikkje utgangspunkt i det religionskritiske, men i det etiske og demokratiske, slik det kjem til uttrykk i FN sine menneskerettar. Fienden blir alle former for totalitær tenking som fjernar individet frå sentrum.

Litteratur
  • Amundsen, Arne Bugge og Henning Laugerud. (2001). Norsk fritenkerhistorie 1500–1850. Oslo: Humanist Forlag.
  • Knutsen, Paul. (2006). Livet før døden. Human-Etisk Forbund 1956–2006. Oslo: Humanist Forlag.

  • Lamont, Corliss. (1988). Det humanistiske livssyn. Oslo. Universitetsforlaget.
  • Lingås, Lars Gunnar. (2002). Humanisme og andre verdslige livssyn. www.etikknett.no.
  • Longum, Leif. (1986). Drømmen om det frie menneske. Norsk kulturradikalisme og mellomkrigstidens radikale trekløver: Hoel – Krog – Øverland. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Nordisk humanistmanifest 2016. (2016). Human-Etisk Forbund.
  • Norman, Richard. (2007). Humanisme. Oslo: Humanist Forlag.
  • Om humanisme. Human-Etisk Forbund. Hentet 27.06.2019 frå https://human.no/om-humanisme/
  • Søderlind, Didrik. En ikke helt vitenskapelig guide til norske livssynshumanister. Fri tanke. Hentet 14.09.2018 frå https://fritanke.no/en-ikke-helt-vitenskapelig-guide-til-norske-livssynshumanister/19.10895
  • Søderlind, Didrik (red.). (2007). Verdier og verdighet. Tanker om det humanistiske livssyn. Oslo: Humanist Forlag.
  • Søderlind, Didrik og Stian Kilde Aarebrot. (2015). Presten og ateisten. Oslo: Humanist Forlag og Vårt Land Forlag.
  • Øveland, Arnulf. (1929). Hustavler. Oslo: Fram.
  • Øverland, Arnulf. (1946). Håbet: dikt. Oslo: Gyldendal.
  • Aas, Per Anders. (2011) Humanisme. «Først og fremst et menneske». Oslo: Pax Forlag.
  • Aas, Per Anders. (2006). Livssyn: et humanistisk perspektiv. I Neegaard, Gunnar (red.). Logos og dharma. Religioner, livssyn og etikk. Bergen: Fagbokforlaget, s. 275–322.
CC BY-SASkrive av Per Anders Aas. Rettshavar: OsloMet
Sist fagleg oppdatert 19.06.2019

Læringsressursar

Livssynshumanisme