Hopp til innhald

Fagstoff

Karbonkrinsløpet

Karbon er eit døme på eit grunnstoff som sirkulerer i økosystemet. Det finst i alt som er eller har vore levande. Stoff som inneheld karbon, kallar vi organiske stoff. Eitt unntak er karbondioksid, som blir rekna som eit uorganisk stoff sjølv om det inneheld karbon.
Landskap med dyr og planter knytte saman med piler som viser karbonkrinsløpet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Karbonkrinsløpet

Plantene tek opp karbon frå karbondioksidet i lufta og bind det i glukose (druesukker) gjennom fotosyntesen. Glukose blir lagra som stivelse og cellulose i plantene. Karbonet blir vidare teke opp i dyra som et plantene, og går på denne måten gjennom næringskjedene. Karbonet blir frigjort til lufta igjen som CO2 frå celleanding i levande organismar og frå nedbryting av døde dyr og planter.

Karbon blir òg frigjort som metan, CH4, ved ufullstendig nedbryting i myrer og andre våtmarker. Når dyr tygg drøv, blir metan frigjort som rap og etter kvart òg via ekskrementa.

Menneskeleg aktivitet påverkar krinsløpet

Både karbondioksid og metan er drivhusgassar, og karbonkrinsløpet påverkar klimaet på jorda. Ved å utvinne fossile brensel fører vi ekstra karbon inn i krinsløpet. Dette karbonet ville ha blitt liggjande under bakken og på havbotnen om det ikkje hadde vore for at vi vinnar ut olje, kol og gass.

Når fossilt karbon kjem over i atomsfæren som CO2, aukar konsentrasjonen av CO2. Dette fører til menneskeskapte klimaendringar. Havet tek òg opp ein del CO2 frå lufta. Når hava tek opp meir CO2, blir dei surare fordi CO2 løyst i vatn gir karbonsyre. Dette er uheldig for organismar som lever i skal av kalk, som korallar og muslingar.

Diskuter

Ta utgangpunkt i eit karbonatom.

Lag nokre enkle skisser, og diskuter korleis dette atomet sirkulerer i økosystemet.

Kor mange organismar kan de sjå for dykk at atomet er innom på ferda si?

Relatert innhald

Fotosyntesen er ein biokjemisk prosess kor lysenergi blir omdanna til kjemisk energi. Karbondioksid og vatn blir omdanna til sukker og oksygen.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2021

Læringsressursar

Økologi