Hopp til innhald

Fagstoff

Meir om vern av biologisk mangfald

Mennesket er ein nykommar her på jorda. Mange artar har levd her mykje lenger enn oss. Vi menneska har ikkje rett til å utrydde artar eller øydeleggje naturmiljøet for å fremje våre eigne interesser.
Korallrev i vannskorpa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økologiske grunnar

Marehalm på sandstrand. Foto.

Det biologiske mangfaldet er viktig for at prosessane i økosystema skal fungere. Dei ulike artane kan samanliknast med mursteinane i eit byggverk. Byggverket er økosystemet, og alle mursteinane har ei oppgåve. Når ein art blir borte, vil samspelet i økosystemet bli påverka fordi artane er avhengige av kvarandre. Å fjerne eller redusere ein art som andre artar lever av, kan få store ringverknader i næringskjedene. I verste fall kan det føre til at andre artar døyr ut. I tillegg har dei naturlege økosystema ei rekkje viktige funksjonar, som regulering av klima, sirkulering av næring, vern av jordsmonn og vasshushald. I naturen held planterøter fast på jorda og hindrar erosjon. Når det regner, vil økosystem som myr suge opp store mengder vatn. Dette hindrar flaum.

Indikator-artar

Lav på grein. Foto.

Somme artar har spesielle krav til levestaden. Andre er følsame for forureining. Desse artane kan brukast som indikatorartar i miljøovervaking. Om artane blir borte eller viser teikn på mistrivsel, vil dette fortelje oss at det har hendt endringar i livsmiljøet til arten. Lav er følsam for svoveldioksid og andre luftforureiningar. Om lava blir borte i eit område, fortel det at luftkvaliteten har blitt dårlegare. Lavartane trivst ikkje i store byar der det er mykje utslepp mellom anna frå biltrafikk. I Frognerparken og Slottsparken i hovudstaden kan ein knapt nok finne lav på dei store trestammane.

Det biologiske mangfaldet er råmateriale for evolusjonen

Fargerike larver kryper på bakken. Foto.

I heile den tida livet har eksistert på jorda, har artane endra seg, og det har blitt utvikla nye artar. Dette hender med utgangspunkt i den genetiske variasjonen hos artane. Om ein art døyr ut, kan han ikkje gi opphav til nye artar. Den genetiske variasjonen innanfor ein art er livsforsikringa til arten. Ein art som har stor genetisk variasjon, vil lettare klare å overleve om miljøet endrar seg. Det er svært sannsynleg at det finst nokre individ som har eigenskapar som gjer at dei kan klare seg i det nye miljøet.

Global oppvarming fører til at miljøet og livstilveret blir endra for mange artar. Genetisk mangfald innanfor arten betyr at han har auka sjanse til å overleve på ein varmare klode.

Det biologiske mangfaldet er ein viktig ressurs

I regnskogområda døyr artar ut i høgt tempo etter kvart som regnskogen blir utrydda. Mange artar forsvinn før dei ein gong har blitt registrerte. Små organismar kan ha ei tydelegare rolle i samspelet enn storleiken skulle tilseie, men her manglar vi mykje kunnskap. Mange viktige medisinar er utvikla frå levande organismar, og spesielt mykje kjem frå regnskogen. I ein jordprøve frå Hardangervidda blei det funne ein mikrosopp som produserer eit biokjemikalium, syklosporin, som hindrar immunitetsreaksjonar i samanheng med organtransplantasjonar. Det ville vere synd om vi for eksempel rydda ut ein art som i framtida kunne gitt ein effektiv kreftmedisin.

CC BY-SASkrive av Bjørg Rindal.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2023

Læringsressursar

Økologi