Øvingsoppgåver – gen blir arva og endra
Desse øvingsoppgåvene krev at du arbeider med stoffet.
- Set opp kryssingsskjema for kvit og svart sau med kodominant nedarving av pelsfarge. Vel til dømes H og S som symbol for allelene. Lag til slutt ei oversikt som viser den sannsynlege fordelinga av fenotypar og genotypar i andre generasjon.
- Set opp eit kryssingsskjema som viser intermediær arv hos raud og kvit løvemunn.
Lag til slutt ei oversikt med sannsynleg fordeling av fenotypar og genotypar i andre generasjon. - Kan du ved hjelp av stamtavla finne ut om eigenskapen (raud) er nedarva dominant, recessivt og/eller kjønnsbunde? Grunngi påstanden din.
- Kjønnsbundet arv: Set opp eit kryssingsskjema mellom
- fargesvak kvinne () og mann med normalt fargesyn (
)X F Y - fargesvak mann (
) og kvinne (X f Y ) som er berar av genet for fargesvakheitX F X f
- fargesvak kvinne () og mann med normalt fargesyn (
- På biletet ser du at eitt av fire barn har arva ein sjukdom. Raud farge indikerer sjukdom her. Kan du avgjere om sjukdommen er kjønnsbunden eller ikkje, og om han er dominant eller recessiv? Grunngi svaret!
- Arv og miljø: Vel ein eigenskap og tenk gjennom korleis du trur at arv og miljø påverkar utviklinga av denne eigenskapen. Drøft med andre og reflekter over argumentet til kvarandre.
- Korleis kan miljøet påverke endringar i genuttrykket? Kva skjer med gena? Gi nokre døme på miljøfaktorar som kan slå av nokre gen og aktivere andre.
Mutasjonar
- Lag ei oversikt (liste) med ulike kategoriar av mutasjonar. Sorter dei etter kva som har skjedd i DNA-et (gen og kromosom).
- Vel ein kjend eigenskap eller sjukdom som kjem av ein mutasjon. Finn ut det du kan om den genetiske årsaka, og korleis mutasjonar påverkar individet.
CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 20.08.2020