Hopp til innhald

Fagstoff

Ein god stad å bu er ein god stad å besøkje

Stadig fleire norske destinasjonar blir merkte som berekraftige reisemål. Kva vil det seie for turistar og fastbuande? Og korleis påverkar dette berekraftig utvikling på staden?

Utviklinga av reiselivsdestinasjonar i Noreg skal ta omsyn til behova til lokalbefolkninga. Korleis påverkar eigentleg turismen den berekraftige utviklinga til ein reiselivsdestinasjon?

Norske destinasjonar

Noreg er eit populært ferieland som tiltrekkjer seg både norske og utanlandske turistar. Landet vårt er kjent for vakker, spektakulær og ofte urørt natur og landskap. Noreg er òg kjend for det rike kulturlivet sitt og dei rike tradisjonane og kulturminna sine. Stadig fleire ønskjer å oppleve Noreg, noko som gir gode moglegheiter for vekst i det opplevingsbaserte og naturbaserte reiselivet.

Med vekst kjem òg utfordringar. Fleire besøkjande fører til auka press på naturressursane og miljøet, noko som kan påverke dei som bur og lever der (Nærings- og fiskeridepartementet, 2017). Eit berekraftig reiseliv føreset ifølgje NHO Reiseliv (2017) at natur- og kulturverdiane blir verna, og at ein styrkjer sosiale verdiar som bringar fram stoltheita i lokalsamfunnet og utviklar nye arbeidsplassar. Natur- og kulturarven vår har stor betydning for identiteten og stoltheita til lokalsamfunnet, og det betyr mykje for trivselen til folk. Samtidig søkjer vi å oppnå ei verdiskaping som gjer reiselivet økonomisk levedyktig.

Eit døme frå Lofoten

Ifølgje Åse Holte (2020) er eit landskap òg eit område som blir opplevd ulikt av ulike grupper:

  • For turismen er landskapet i Lofoten et opplevelseslandskap.
  • For lokalbefolkningen er det samme landskapet noe de har tett tilknytning til gjennom bruk og/eller som bosted.
  • For landbruket er landskapet et produksjonslandskap.

De ulike gruppenes bruk av landskapet er i Lofoten en kilde til konflikt. Både turismen og landbruket har landskapet som sitt økonomiske ressursgrunnlag.
Hvis turismen kommer i veien for landbrukets daglige virke, er det nødvendig å finne måter for hvordan turismen kan komme landbruket til gode. For hvis turistene kommer i veien for landbruket i Lofoten, kan det attraktive landskapet gro igjen.

Det er derfor viktig med strategiar for ei berekraftig utvikling og forvaltning av kulturlandskap, ikkje berre i Lofoten, men i heile landet. Det kjem både lokalbefolkninga og turistar til gode.

Korleis påverkar turismen lokalsamfunna?

Berekraftig reiseliv blir ofte knytt til at næringa skal redusere utslepp og søppel, og at dei skal ta betre vare på natur og miljø. Men berekraftig reiseliv handlar om meir enn dette – det handlar òg om å forstå samspelet mellom reiseliv og lokalsamfunn. Ein god stad å bu er ein god stad å besøkje, og reiselivet må bidra på ein positiv måte inn i lokalsamfunnet. For lokalsamfunnet kan reiselivet gi positive ringverknader i form av stoltheit, framtidstru, moglegheiter og ikkje minst gode inntekter.

For at vi skal kunne jobbe mot eit felles mål om meir berekraft i turismen, må vi først forstå korleis han påverkar. Vi kan ha både positive og negative påverknader frå turismen. Nokre effektar vil vere kortvarige, mens andre igjen kan vere langvarige og til og med uopprettelege.

Moglege positive effektar av turisme kan vere

  • at turismen hjelper folk frå ulike kulturar til å forstå kvarandre, noko som kan skape toleranse og respekt
  • at reiselivet kan bidra til at små kommunar og bygder, som er sårbare for fråflytting, kan bli meir attraktive
  • at arbeidsplassar i reiselivet kan bidra til å fremje likskap, likestilling og rettferd og kan vere ein god arena for integrering
  • at når ein destinasjon legg til rette for turisme, bidreg han òg med å gi betre fasilitetar for lokalbefolkninga, til dømes med infrastruktur, restaurantar, lokale butikkar og tenester
  • at inntektene frå turisme bidreg til å heve levestandarden i lokalsamfunnet, både i form av direkte inntekter til reiselivsaktørane og til eit mangfald av underleverandørar
  • at det blir skapt nye arbeidsplassar i nye og innovative bedrifter, og at det bidreg til utvikling av andre typar inntektsgivande arbeid
  • at med inntekter frå reiselivet kan vi verne, halde ved like og setje i stand historiske, kulturbaserte og naturbaserte attraksjonar som vi ønskjer å verne for framtida
  • at turisme kan verne sårbare, naturlege miljø mot andre, mindre fornybare industriar som kan setje uopprettelege spor i naturen
  • at reiselivet kan bidra til å redde utryddingstrua artar
Ein isbjørn står på eit isflak, omgitt av hav. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Moglege negative effektar av turisme kan vere

  • at turisme bidreg til skadar på miljøet ved forsøpling, ved forureining av luft og vatn og ved overforbruk av energi og andre naturlege ressursar
  • at turisme kan setje uopprettelege "fotavtrykk" i naturen
  • at turisme kan invadere buområda til dyra og forstyrre dyrelivet
  • at dei lokale prisane aukar som ein direkte effekt av turismen, og som ein konsekvens kan til dømes lokalbefolkninga bli pressa ut av nabolaget sitt fordi det blir for dyrt å bu der
  • at det ved overturisme kan oppstå konfliktar mellom lokalbefolkning og turistar som følgje av støy og invaderande åtferd frå turistar
  • at mange av jobbane som blir skapte av turisme, er lågtlønte og sesongbaserte
  • at auken i trafikken kan føre til at reisetida for lokalbefolkninga til og frå jobb kan bli lengre
Eit bilete av Trollstigen ovanfrå, som viser krappe svingar oppover fjellsida. Ein buss rundar ein av svingane, og fleire personbilar kjem etter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

Nærings- og fiskeridepartementet. (2017). Opplev Norge – unikt og eventyrlig (Meld. St. 19, 2016–2017). Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/95efed8d5f0442288fd430f54ba244be/no/pdfs/stm201620170019000dddpdfs.PDF


NHO Reiseliv. (2017). Mot et bærekraftig reiseliv. Veikart fra reiselivsnæringen i Norge. Henta frå https://www.nhoreiseliv.no/contentassets/b8ac6752ac3f463ebcc8ebb357121b07/veikart-barekraft.PDF


Holte, Å. (2020, 10. januar). Hvis turistene kommer i veien for landbruket i Lofoten kan det attraktive landskapet gro igjen. Henta frå https://blogg.forskning.no/turist-i-naturen/hvis-turistene-kommer-i-veien-for-landbruket-i-lofoten-kan-det-attraktive-landskapet-gro-igjen/1619825


Utheim, H. (u.å.) Turismens utfordringer og muligheter til turismen. Hvordan kan turisme være en bra ting? Henta frå https://travelopment.com/norsk-blogg/2018/9/3/hva-er-turisme-egentlig-og-hvordan-kan-det-vre-bra

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Håvard Utheim.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2020

Læringsressursar

Merke- og verneordningar