Fagartikkel
Når bussen stoppar
Når bussen stoppar for fotografering eller besøk, må passasjerane få all nødvendig informasjon.
Bussen tek ulike typar stopp, og det er gjerne oppgåva til guiden å organisere dei på ein best mogleg måte. Her er fleire gode tips frå Norges Guideforbund:
- Ved fotostopp er det ut av bussen, ta bilete og inn att.
- Ved besøksstopp må du opplyse om kor mykje tid de har på staden.
- Sei tydeleg ifrå om når bussen køyrer vidare (klokkeslett).
- Sjekk at du har same klokketida som gruppa.
- Forklar kvar bussen kjem til å stå etter besøket, og kva kjenneteikn bussen har.
- Sei eventuelt noko om toalett – og andre tilbod på besøksstaden.
- Ta gruppa med samla til besøksstaden.