Fagartikkel
Mikrofonbruk
Guiden må vere trygg på å bruke mikrofon. Her får du nokre råd.
Mikrofon og høgtalaranlegg er eit viktig hjelpemiddel for den som skal guide på buss. Sjølv om du er erfaren i guiderolla, er det smart å sjekke og teste utstyret før du tek imot gjestene. Her er nokre konkrete tips frå Norges Guideforbund:
- Sjekk at mikrofonen verkar før gruppa kjem til bussen.
- Snakk med sjåføren om mikrofonbruk.
- Ikkje slå på mikrofonen for å sjekke lyden.
- Sjekk av/på-knappen – så du er sikker på korleis du bruker han.
- Skru av mikrofonen når du ikkje snakkar eller når du snakkar med sjåføren.
- Hald mikrofonen stasjonær ved haka, slik at han følgjer hovudet ditt når du bevegar deg.
- Snakk med naturleg stemme, roleg og avslappa.
- Bruk naturleg stemmeleie, tenk artikulasjon og diksjon.
- Ta pausar. Kontinuerleg snakking – ordstraum – kan verke som støy!
- Tenk språkbruk – vel riktige ord og omgrep.
- Bruk presise og gode formuleringar.