"Det" i at-setningar og infinitivskonstruksjonar
Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:
- Subjekt
- Subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
- Infinitivskonstruksjon
- Ein infinitivskonstruksjon er ei setning med "å". Døme er "Å hoppe strikk er gøy" eller "Liker du å danse?". I desse setningane er "Å hoppe strikk" og "å danse" infinitivskonstruksjonar.
- At-setningar
- At-setningar er setningar som startar med subjunksjonen "at". Eit døme er "Eg veit at han er snill". At-setningar er leddsetningar, altså setningar som ikkje kan stå åleine.
- Ledd
- Eit ledd er her det same som eit setningsledd. Setningsledda er dei ulike delane i ei setning. I setninga "Den vesle jenta et eit eple" er det tre ulike (setnings)ledd: "Den vesle jenta" er subjekt, "et" er verbal, og "eit eple" er direkte objekt.
Dette er ein del av ein læringssti om det-setningar. Gå til fagartikkelen "Det-setningar" for å finne det første steget i stien.
På norsk er det mogleg å seie desse to setningane:
Å sove godt er sunt.
At ho kjem, er bra.
"Å sove godt" er ein infinitivskonstruksjon, mens "At ho kjem" er ei leddsetning. I desse to setningane er "Å sove godt" og "At ho kjem" subjekt i setningane.
Men det er betre å seie:
Det er sunt å sove godt.
Det er bra at ho kjem.
Årsaka er at tunge ledd skal sist i setninga på norsk. Tunge ledd er ledd som inneheld mange ord, slik som "å sove godt" og "at ho kjem". Desse bør helst ikkje vere subjekt i setninga.
"Det" er lett
Derfor bruker norsk pronomenet "det" som subjekt. "Det" er ikkje tungt. Derfor høyrest til dømes setninga "Det er bra at ho kjem" mykje betre ut enn "At ho kjem, er bra".
På norsk er det veldig vanleg å lage setningar med "det" og at-setningar eller infinitivskonstruksjonar. Derfor er det lurt å lære seg dette. Her ser du nokre fleire døme:
Det er så dumt at han er blitt sjuk. ("at han er blitt sjuk" er ei at-setning.)
No blir det greitt at han kjem. ("at han kjem" er ei at-setning.)
Det var lettare at han tok kofferten. ("at han tok kofferten" er ei at-setning.)
Det er fint å studere saman. ("å studere saman" er ein infinitivskonstruksjon.)
Det blir så koseleg å reise til Spania. ("å reise til Spania" er ein infinitivskonstruksjon.)
I går var det hyggeleg å sjå han. ("å sjå han" er ein infinitivskonstruksjon.)
Gå vidare i læringsstien for å øve på "det" i at-setningar og infinitivskonstruksjonar.
Relatert innhald
Øv deg på å lage det-setningar saman med infinitivskonstruksjonar (å-setningar) og at-setningar.
Lær å lage gode setningar på norsk med lappemetoden.