Øv på presenteringssetningar
Dette er ein del av ein læringssti. Les fagartikkelen "Det i presenteringssetningar" før du gjer oppgåvene.
I setningane under er det eit formelt subjekt (det) og eit eigentleg subjekt. Gå saman i par og diskuter kva som er det eigentlege subjektet. Snu kortet for å sjekke om de har rett svar.
Døme:
"Det står ein mann utanfor døra."
Svar: "Ein mann" er eigentleg subjekt.
Lag setningane under om til presenteringssetningar med "det". Hugs at "det" skal stå på den plassen subjektet pleier å stå.
Døme:
Ein gut badar i sjøen.
Det badar ein gut i sjøen.
Sit i par. Klarer de å tippe kva for ein presenteringssetning som høyrer til biletet? Sjå på orda under og bruk desse for å lage ei presenteringssetning som høyrer til biletet. Snu for å sjå svaret.
Denne oppgåva skal de gjere saman i klassen. I biletserien under er det seks bilete.
Sjå på det første biletet. Prøv å lage flest mogleg presenteringssetningar saman i klassen. Skriv dei opp på tavla. Gå deretter vidare til neste bilete og gjer det same.
Diskuter i klassen: Forstår de kva presenteringssetningar er etter å ha gjort desse øvingane? Er det noko de treng å øve meir på?
Gå vidare i læringsstien for å lære om "det" i at- og å-setningar.
Relatert innhald
Kvifor bør du seie "Det er fint å feire bursdag" i staden for "Å feire bursdag er fint"?