Øv på å gradbøye adjektiv
Dette er del av ein læringssti om adjektiv. Før du gjer desse oppgåvene, bør du ha lese fagartikkelen "Å gradbøye adjektiv".
Set inn rett form av adjektivet i dei tomme boksane. Forma du skal bruke (positiv, komparativ eller superlativ), står etter setninga dersom du treng hjelp.
Når du seier at noko er likt noko anna, bruker du adjektivet i positiv form saman med frasen "like ... som":
Eg er like flink som deg.
Guten er like god som jenta i matte.
Lag setningar der du samanliknar.
No skal du gjere det same som i oppgåve 2, men skrive heile setninga sjølv. Du får to substantiv/pronomen og eit adjektiv. Bruk desse til å lage ei setning med frasen "like ... som".
Døme:
I oppgåva står dette:
Guten smart jenta
Du skal skrive:
Guten er like smart som jenta.
Hugs stor bokstav og punktum!
Lag setningar der du samanliknar to ting med å bruke adjektiv i komparativ form. Du skal òg bruke ordet "enn".
Døme:
I oppgåva står dette:
Guten smart jenta
Du skal skrive:
Guten er smartare enn jenta.
Hugs stor bokstav og punktum!
Lag setningar der du seier at substantivet/pronomenet som står først, er aller høgaste grad av noko.
Døme:
I oppgåva står dette:
Sonen min smart i klassen
Du skal skrive:
Sonen min er den smartaste i klassen.
Du skal alltid bruket verbet "er". Hugs stor bokstav og punktum!
Gå vidare i læringsstien for å lære om uregelrette adjektiv.