Oppgåve
Øv på uregelrette adjektiv: kjønn og tal
Adjektiv blir bøygde i kjønn, tal og bestemtheit på norsk. Her kan du lære om adjektiva som ikkje følger hovudreglane for bøying i desse tre kategoriane.
Dette er ein del av ein læringssti om adjektiv. Før de gjer desse oppgåvene, bør de ha lese fagartikkelen "Uregelrette adjektiv: kjønn og tal".
I fagartikkelen "Adjektiv med spesiell bøying" las du om seks unntak frå reglane om adjektivbøying. Hugsar de alle dei seks unntaka?
Sit i grupper på tre eller fire. Ein av dykk har pc og les høgt for dei andre. Dei andre prøver å svare. De får sjå eit adjektiv og adjektivet sett inn i ei setning. Målet er å
finne adjektivet som er eit unntak
forklare kvifor adjektivet er eit unntak frå regelen
Viss de ikkje finn unntaket, kan de få eit hint ved å trykke på i-knappen.
Set inn rett form av adjektivet i parentes.
Gå vidare i læringsstien for å lære meir om gradbøying av adjektiv.