Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Bestemtheit

Meir om bestemtheit

I denne fagartikkelen kan du lære om når vi skal bruke bestemt og ubestemt form i norsk.

Til læraren

Denne teksten går i djupna på temaet bestemtheit i substantiv. Elevane bør ha lese fagartikkelen "Bestemtheit" før dei les denne artikkelen.

Dette er fjerde trinn i ein læringssti om bestemtheit. Gå til første steget, der du finn oppgåva "Kva kan du om bestemtheit?".

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Substantiv
Substantiv er ein ordklasse med ord som handlar om ting, omgrep og namn: "Hus", "tanke", "Adam".
Ubestemt artikkel
Dei ubestemte artiklane på norsk er "ein", "ei" og "eit". Når substantivet står i ubestemt form, bruker vi den ubestemte artikkelen før substantivet: Eg ser ein gut.
Bestemt artikkel
Dei bestemte artiklane er endingar på norsk. I hankjønnsord er endinga -en (guten), i hokjønnsord -a (dama), i inkjekjønnsord -et (huset) og i fleirtal vanlegvis -ane (gutane).
Ubestemt form
Eit substantiv kan stå i ubestemt eller bestemt form. Ubestemt form av "katt" er "katt" i eintal og "kattar" i fleirtal.
Bestemt form
Bestemt form av substantiv blir laga ved å setje ei ending på ordet: "katten" og "kattane".
Eigedomsord
Eigedomsord fortel kven som eig ein ting: min, din, hans, hennar, vår, dykkar, deira, sine.

Om bestemtheit

Viss du har gjort dei tre første trinna i denne læringsstien om bestemtheit, veit du at på norsk skal stå i bestemt form når noko er kjend informasjon:

  • Elsa: Kva leitar du etter?

  • Lixue: Matteboka

I denne samtalen bruker Lixue bestemt form av substantivet "mattebok" fordi ho reknar med at Elsa veit kva bok ho snakkar om.

Men norsk har òg andre reglar for når substantiv skal stå i bestemt og ubestemt form. Det er dette du skal lære meir om her.

Når skal du bruke bestemt form?

1. Når det berre er ein av noko

Viss vi viser til noko det berre er éin av i sitt slag, skal vi bruke bestemt form:

  • Kva synest du om kongen?

  • Har sola stått opp?

  • Månen har gått ned.

  • Krigen mellom Russland og Ukraina er forferdeleg.

I alle desse setningane blir det vist til fenomen det berre finst éin av: Berre éin (norsk) konge, berre éi sol, berre éin måne og berre éin krig mellom Russland og Ukraina.

2. Når substantivet er ein del av noko større

I setninga under står substantivet "rose" i bestemt form fleirtal (rosene).

  • Eg kjøpte blomstrar i går, men rosene med ein gong.

Dette er første gong rosene er nemnde. Dei er altså ny informasjon. Kvifor står dei i bestemt form?

Svaret er at "rosene" viser tilbake til ordet "blomstrar". Derfor vil den som lyttar, skjønne at det er snakk om rosene frå nettopp denne blomsterbuketten som visna. Når substantivet er ein del av noko anna som er fortalt om tidlegare, vil mottakar skjønne kva avsendar snakkar om. Derfor blir det brukt bestemt form.

Test deg sjølv

Sjå på setningane under. Klarer du å forklare kva substantiva som står i bestemt form (maten, sjefen, epletreet, tårnet) viser tilbake til?

  • Vi var på restaurant i går. Maten var god.

  • Eg var på jobb i går. Sjefen var sur.

  • Eg arbeidde i hagen i heile går. Dessverre hadde epletreet blitt øydelagt.

  • Byen har fått ny kyrkje. Tårnet er skikkeleg høgt.

Svar

  • Vi var på restaurant i går. Maten var god. I denne setninga viser substantivet "maten" tilbake til "restaurant".

  • Eg var på jobb i går. Sjefen var sur. "Sjefen" viser tilbake til "jobb".

  • Eg arbeidde i hagen i heile går. Dessverre hadde epletreet blitt øydelagt. "Epletreet" viser tilbake til "hagen".

  • Byen har fått ny kyrkje. Tårnet er skikkeleg høgt. "Tårnet" viser tilbake til "byen".

3. Før eigedomsord

Når står etter substantivet, skal substantivet stå i bestemt form:

  • Det er bilen min.

  • Det er hatten hans.

Når skal du bruke ubestemt form?

1. Etter eigedomspronomen

Når eigedomsordet står før substantivet, skal substantivet stå i ubestemt form:

  • Det er min bil.

  • Det er hans hatt.

Både "bil" og "hatt" står i ubestemt form. Legg merke til at du sjølv vel om du vil plassere eigedomsordet før eller etter substantivet når du snakkar eller skriv. Men i tale høyrest det ofte rettare ut å seie Det er bilen min enn Det er min bil. Unntaket er viss du har trykk på "min", altså at du vil få fram at det er akkurat din bil. Då er det vanleg å seie Det er min bil.

2. Substantiv vi ikkje kan telje

Ein del substantiv vi ikkje kan telje, bruker vi ofte i ubestemt form.

  • Det er støv på golvet.

  • Eg kjøpte smør, mjølk og kjøtt på butikken.

  • Eg må drikke vatn sidan eg er tørst.

I desse setningane står substantiva "støv", "smør", "mjølk", "kjøtt" og "vatn" i ubestemt form sidan vi ikkje kan telje dei. Vi har ikkje ubestemt artikkel saman med ikkje-teljelege substantiv.

Unntak: Når du viser til eit bestemt eksemplar

Men viss vi viser til eit bestemt , ein enkelt ting av noko, skal vi bruke bestemt form:

  • Mjølka eg drakk i går, var dårleg.

  • Smøret du kjøpte på butikken, var godt.

  • Smakte du på vatnet i Italia i ferien?

Du kan tenke deg at du kan setje "det" eller "den" framfor desse substantiva: "(den) mjølka", "(det) smøret" og "(det) vatnet".

3. Når tal står åleine

Viss eit tal står framfor eit substantiv, bruker vi ubestemt form:

  • Eg har ein hund og tre kattar.

  • Ho kjøpte to kjolar.

Men legg merke til at viss du set determinativ som "dei" og "desse" framfor, skal substantiva stå i bestemt form: Eg kjøpte "dei tre kattane" og "desse to kjolane". Du kan lese meir om dette i artikkelen "Dobbel bestemtheit".

4. Etter mange, mykje, nokon, noko og ingen

Også etter determinativa "mange", "mykje", "nokon", "noko" og "ingen" skal substantivet stå i ubestemt form:

  • Ho har mange barn.

  • Har du nokon barn?

  • Nei, eg har ingen barn.

  • Vi har mykje tid før skulen startar.

Gå vidare i læringsstien for å øve på bestemtheit.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Øv på bestemtheit

Bli betre i bestemtheit ved å jobbe både åleine og saman med andre i klassen.

CC BY-SA 4.0Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024