Bestemt eller ubestemt form?
Dette er tredje trinn i ein læringssti om bestemtheit. Gå til første trinn her: Kva kan du om bestemtheit?
Sit i par. Diskuter kva for ein setning som er riktig og grunngi svaret. Snu kortet for å finne rett svar og grunngiving. De kan få hint ved å trykke på informasjonsknappen til høgre på kortet.
Dra substantivet som har rett form til rett boks. Hugs at når substantivet er ukjend informasjon, skal det stå i ubestemt form (ein mann), mens det skal stå i bestemt form når det er kjend informasjon (mannen).
Nokre av alternativa er feil og skal ikkje brukast.
Skriv inn riktig form av substantivet i parentes. Viss du ikkje veit kva kjønn substantivet er, får du hjelp viss du ser under oppgåva.
Gå saman i par. Lag ein samtale på 8–10 setningar. Målet er at samtalen skal innehalde mange substantiv i både bestemt og ubestemt form. Skriv samtalen ned.
Framfør samtalen framfor klassen. Få klassen til å gi tilbakemelding på om de har brukt bestemtheit rett.
Gå vidare i læringsstien for å lære meir om bestemtheit.