Tverrfaglege tema
Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå einskildmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt.
Berekraftig utvikling
Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema skal gjere deg i stand til å forstå utfordringane vi står overfor, og gi deg verktøy, slik at du kan bidra til å løyse dei. Miljø, økonomi og sosiale forhold blir knytte saman i problemstillingar som handlar om mellom anna klima, forbruk og teknologi.
Miljø og ressursar
Dei avgrensa ressursane på jorda er grunnlaget for den globale økonomien og dei moderne liva vi lever. Ressursar og økosystem må forvaltast berekraftig og rettferdig – både med tanke på oss som bur på jorda no og dei som kjem etter oss.