Berekraftig utvikling for alle
Landa i verda er einige om å prøve å skape ei berekraftig utvikling gjennom FNs 17 berekraftsmål. Gjennom media kan vi få inntrykk av at det går ganske dårleg med verda, og at ho ikkje blir meir berekraftig. I dette emnet skal du lære at utviklinga i verda er ganske positiv på dei fleste område, sjølv om vi ikkje høyrer så mykje om det. Du blir òg betre kjend med korleis ulike menneske rundt omkring i verda lever. I tillegg får du mogelegheita til å reflektere over korleis verda kan bli meir berekraftig, og kven som bør ta hovudansvaret når vi skal skape ei berekraftig utvikling for alle.
I læringsstien "Berekraftig utvikling for alle" har vi laga eit forslag til korleis de kan jobbe med dette emnet. I tillegg har vi lagt inn nokre fleire relevante ressursar i lista under.
Dette er eit tverrfagleg emne. Ressursane her er spesielt relevante for fag som geografi, samfunnskunnskap, religion og etikk, historie, norsk, politikk og menneskerettar og sosiologi og sosialantropologi. I tillegg går det fint an å utvide emnet og gjere det relevant for fleire fag. De kan til dømes jobbe meir med statistikkdelen og kople på matematikkfaga.