Hopp til innhald

Tverrfaglege tema

Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå einskildmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt.

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema skal gjere deg i stand til å forstå utfordringane vi står overfor, og gi deg verktøy, slik at du kan bidra til å løyse dei. Miljø, økonomi og sosiale forhold blir knytte saman i problemstillingar som handlar om mellom anna klima, forbruk og teknologi.

Klimaendringar

Klimaendringar er ei av dei største utfordringane vi står overfor. Kva gjer klimaendringane med jorda vår? Korleis kan alle i verda gå saman for å løyse problemet, og kva kan du og eg gjere? For å løyse klimakrisa treng vi kunnskap frå mange ulike fagområde.