Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Føkk fossils II – tipping point

«Føkk Fossils II – tipping point» handlar om to ungdommar som er frivillige på eit redningstokt i Nordsjøen. Året er 2050, og den globale oppvarminga har stige over 2,5 grader. Det kritiske "tipping point" er nådd, og den globale oppvarminga vil auke raskare og raskare ...


Om filmen

Filmen er oppfølgjaren til "Fuck Fossils - en framtid du ikke vil ha". Begge filmane er baserte på klimarapporten "En framtid du ikke vil ha" av Thomas Cottis og er laga med støtte frå Noregs forskingsråd.

I filmen blir det beskrive eit scenario der europearar har blitt flyktningar på eige kontinent. Tørke og heitebølgjer tvingar folk nordover. Murmansk i Russland har blitt eit rikt jordbruksområde, der folk frå heile Europa ser håp om ei betre framtid.

Set deg inn i situasjonen – undersøk moglege løysingar!

I dette opplegget skal du reise fram til år 2050 og forsøkje setje deg inn i korleis situasjonen kan vere då. Problemstillingar de kan utforske kan vere:

  • Korleis opplever menneska endringane som har skjedd?
  • Kva er årsaka til at dei har hamna i denne situasjonen?
  • Korleis kan dei løyse dei utfordringane som har oppstått?

De kan også lage eigne problemstillingar.

Slik kan de jobbe med denne casen

I lista under finn de ressursar som er henta frå fleire fag. De kan jobbe med ressursane enkeltvis eller setje saman fleire.

Ved å bruke kunnskap frå fleire fag kan de gå i djupna. Kanskje de ser samanhengar mellom ulike fag og klarer å løyse utfordringar de ikkje ante at de skulle klare!

Vi har også sett saman nokre av ressursane i ein læringssti. Bruk stien som han er, tilpass han til eige bruk eller lag din eigen sti på stier.ndla.no

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2019