Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Gjer klesbransjen meir berekraftig

Introduksjon

CC BY-SA 4.0

I arbeidet med denne læringsstien skal du

  • forstå omgrepet grønvasking og trene deg på å vurdere om bedrifter driv med grønvasking
  • få innblikk i korleis somme aktørar forsøker å endre klesbransjen
  • forstå kva FNs berekraftsmål går ut på, og kva som ligg i dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling
  • bruke dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling til å vurdere klesbransjen kritisk og trene på å tenke kreativt og komme med eigne forslag til forbetringar

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i alle fag, men somme artiklar og oppgåver kan passe spesielt godt i samfunnskunnskap og geografi og på utdanningsprogramma handverk, design og produktutvikling og sal, service og reiseliv.