Det kulturelle mangfaldet i klasserommet
Dette er ei felles klasseøving for å få fram det kulturelle mangfaldet i klassen. Alle har ei kulturell tilknyting til majoritetskulturen i Noreg. Men kva andre område i verda har klassen din òg kulturell tilknyting til? Her må de velje ein i klassen som styrer arbeidet med ordskya. Ordskya skal vise kva klassen har svart på spørsmåla under. Ordskya blir til slutt hengd opp i klasserommet eller vist på storskjerm.
Det finst fleire digitale løysingar for å lage ordskyer. Her er ei av dei:
https://monkeylearn.com/word-cloud/
Spørsmål til ordsky
Kva land kjenner du ulik grad av tilhøyrsel til?
Kva by / kva for byar kjenner du ulik grad av tilhøyrsel til?
Kva språk snakkar du?
Har du ein religion? Kva for ein?
Kva er favoritt-høgtida di?
Fekk ordskya fram meir eller mindre kulturelt mangfald i klassen enn det du trudde?
Kva er positivt med å synleggjere mangfaldet? Kva kan vere negativt med det?
Kan vi utnytte det kulturelle mangfaldet heilt konkret på ein positiv måte i klassen?