Oppgåve
Kortfilm: The Present
Dette klippet viser byrjinga av kortfilmen The Present. Sjå klippet og diskuter spørsmåla under når filmen stoppar.
Diskuter i klassen:
Kva tenkjer de om guten i filmen?
Kvifor trur de han reagerer som han gjer?
Kva ville de sagt til han viss de var vitne til dette?
Sjå resten av filmen og diskuter vidare.
Diskuter i klassen:
Kva tenkjer de no om guten i filmen?
Kva tenkjer de no om det de ville sagt til han etter det første klippet?
Kvifor reagerer han som han gjer i starten, trur de?
Kva trur de får guten til å endre meining om hunden?
Kva er bodskapen i denne kortfilmen?