Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Å skrive ein fagartikkel

I ein fagartikkel skal du fordjupe deg i eit emne. Det er ein sjanger der du skal undersøkje fakta sjølv, utforske idéar, drøfte og skrive akademisk.
Jente med PC og notatblokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Artikkelsjangeren

Artikkelen er ein av dei vanlegaste sakprosasjangrane, både i skulen og i arbeids- og samfunnslivet. Vi kan dele artiklane inn i ulike undersjangrar, avhengig av målgruppe, språkleg stil, bruk av kjelder og referansar, og av hensikta med teksten. Eit vanleg hovudskilje går mellom journalistisk og vitskapleg artikkel.

Den vitskaplege artikkelen har strenge krav til klarleik og etterprøvbarheit, til ryddig struktur og bruk av kjelder og referansar. Påstandar skal grunngivast og underbyggjast, og forfattaren må gjere det tydeleg kva som er eigne tankar og kva som er henta frå andre sine tekstar.

Den journalistiske artikkelen står noko friare med tanke på form, innhald og kjelder. Men også journalistar må halde seg til krav om saklegheit og reieleg bruk av kjelder.

Fagartikkelen

Fagartikkelen er den vanlegaste sjangeren elevar skriv i skulen, både i norskfaget og i andre fag. Anten du held på med ein artikkel om realismen, eller gjer greie for forskjellen mellom islam og kristendom, er det ein såkalla fagartikkel du skriv.

Fagartikkelen har stort sett dei same sjangertrekka som den vitskaplege artikkelen: Du behandlar ei sak eller eit emne på ein strukturert måte, og du skal skrive akademisk.

Kva betyr det å skrive akademisk?

Det som kjenneteiknar akademisk skriving, er først og fremst at ho er objektiv og sakleg. Det betyr ikkje at du ikkje har lov til meine noko når du skriv akademisk, men du må halde desse meiningane i bakgrunnen. Hovudformålet er nemleg å opplyse om eller drøfte eit emne. "Synsing" er altså noko du bør unngå i ein fagartikkel.

Bruk pålitelege kjelder

Ein god måte å grunngi meiningane sine på, er å vise til kjelder. Når du bruker pålitelege kjelder for å grunngi påstandane dine, vil dei vere meir overtyande enn om du berre skriv: "Eg trur at...". Men legg merke til at kjeldene skal vere "pålitelege". Du må altså vere kjeldekritisk og finne etterrettelege kjelder.

Sjå videoen under om kjeldekritikk for gode tips om kjeldebruk:

Akademisk språk

Det er ikkje berre innhaldet som skal vere akademisk i ein fagartikkel. Også språket bør vere det. Blant anna bør du unngå munnleg språk. I staden bør stilen vere sakleg og konkret, men på same tid enkel og lettlest. Det betyr slett ikkje at det ikkje er lov å vere spenstig og skrive kreativt. Tvert om: Akademisk skriving med eit personleg preg og ein eigen stil er noko mottakaren av teksten set pris på.

Det er ein kunst å leggje seg på riktig stilnivå i språket. Under ser du døme både på språk som er for munnleg, ei setning som prøver å vere akademisk, men endar opp med å bli vanskeleg å forstå – og til slutt: ei setning med enkelt og lettfatteleg språk.

Stilnivå

Munnleg språk

Komplisert språk – vanskeleg å forstå

Riktig stilnivå

Eg kjenner at det er mykje betre å bu i byen fordi det er så mykje forskjellig gøy å finne på.

Den sentrale faktoren når det gjeld å bu i byen er dei utstrakte tilboda innan fritid som appellerer til menneske av ulike forhold.

Ei viktig årsak til at mange ønskjer å bu i byen, er dei mange fritidstilboda.

Kva kjenneteiknar ei god drøfting?

Alle fagartiklar må ikkje vere drøftande, men å ha ein innfallsvinkel som ser på ulike sider av ei sak, er alltid ein fordel. Mange trur at det å drøfte betyr at du må vere heilt objektiv og halde eigne meiningar utanfor, men dette er ikkje riktig. Hensikta med ei drøfting er å få fram kva du meiner om saka, men på ein nyansert måte. Du skal vise at du ser dei vesentlege argumenta både for og mot ei sak, og at du kan vurdere dei kritisk.

Framgangsmåte

Det er ingen fasit for korleis du skal gå fram når du skal skrive ein fagartikkel, men dette er eit forslag til korleis du kan leggje opp arbeidet:

  1. Idémyldring: Skriv ned alle tankane dine om emnet du skal fordjupe deg i. Denne idémyldringa hentar fram forkunnskapane dine om emnet.
  2. Diskuter det du har skrive med nokre av medelevane dine. Noter ned alle interessante innspel du får undervegs. Fleire hovud tenkjer gjerne betre enn eitt! Kanskje har nokon av klassekameratane dine ei interessant vinkling på saka som du ikkje har tenkt over tidlegare?
  3. Utforsk emnet i aviser, i bøker og/eller på nettet. Skriv ned alle relevante kjelder undervegs.
  4. Førskriv: Førskrivinga er ei førebuing til sjølve tekstskrivinga. No ordnar du argument for og imot saka du skal drøfte. I tillegg skal du tenkje over kva argument du meiner er dei viktigaste, og rangere dei.
  5. Skriv teksten. Start med hovuddelen, skriv så innleiing og avslutning. Avslutt med overskrifta.
  6. Sluttfør: Heilt til slutt må du sluttføre teksten, altså lese godt gjennom han før innlevering. Du må endre eventuelle uheldige eller upresise formuleringar og rette skrive- og teiknsetjingsfeil.

Relatert innhald

Idémyldringsfasen er viktig for å finne fram til forkunnskapane. Ei oppgåve der du skal myldre om ungdom og press.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022