Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Seksualitet er ein sentral del av livet, og det er viktig å kunne setje eigne seksuelle grenser og lære seg å respektere grensene til andre.
I denne læringsstien skal du
- få kunnskap om kva sexpress og seksuell trakassering er, og kva lover og reglar som gjeld for seksualitet
- reflektere over kva haldningar som kan føre til seksuelle overgrep, og kva haldningar som kan hindre det
- reflektere over kva du kan gjere for å setje eigne grenser og respektere andre sine
- diskutere kva du sjølv og samfunnet kan gjere for å hindre sexpress og seksuelle overgrep
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet seksualitet og grenser. De kan gå gjennom alle trinna i læringsstien eller velje ut enkelte delar.