Oppsummering
CC BY-SA 4.0Diskuter desse spørsmåla i små grupper:
- Digitale krenkingar: Kvifor trur de nokon ungdommar spreier nakenbilete av andre på nett?
- Lovverk og strafferammer: Nokon ungdommar manglar kunnskap om lovverket når det gjeld spreiing av nakenbilete. Korleis kan ein auke medvitet rundt dette?
- Digital dømmekraft: Kvifor er det viktig at ein utviser nettvett, set grenser og viser respekt for kvarandre på nett?