Intro
CC BY-SA 4.0
Media er ein viktig del av ungdommane sin kvardag, men det finst mange ulike teoriar om korleis media påverkar ungdom. Utforsk dei mange ulike måtane media kan vere med på å forme og synleggjere identiteten din.
I arbeidet med denne læringsstien vil du
- få kunnskap om hva identitet er, og kva for faktorar som kan påverke han
- få kjennskap til ulike teoriar om mediepåverknad
- reflektere over korleis medium, stereotypar, gruppetilhøyrsel og sosiale roller kan vere med på å forme og synleggjere identiteten vår
- utforske media som ein sosialiseringsarena og diskutere kjønnsforskjellar i bruken av medium
- diskutere korleis media formidlar og påverkar identiteten vår ved hjelp av konkrete døme
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i alle fag, men somme artiklar og oppgåver kan passe spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk, mediefag og kultur og kommunikasjon.